Runshaug og 28 andre naboar i Aurneset Velforening har sendt ei formell klage på fergjestøyen til både Os kommune og Statens vegvesen.

Vaknar om natta

— Dei med hus og hytte nær ferjeleiet på Halhjem opplever langt meir støyforureining frå dei nye gassferjene enn frå forgjengaren med diesel på tankane, meiner Runshaug.

Sjølv om Runshaug ligg med proppar i øyra og vindauget attklemt, vaknar han likevel av motorduren som trengjer seg inn. Sidan det skjermande Langeneset ved Halhjem vart sprengt vekk og ferjeleiet flytta, har hyttenaboar og fastbuande fått merke aukande støy frå ein av landets mest trafikkerte ferjekaiar.

Runshaug har hytte i Auredalen, like ved den nye Halhjem ferjekai. Han har fått bakenden til dei nye gassferjene, som er lenger enn enkelte av hurtigruteskipa, nært opp mot kaien sin.

Spesielt ille synest han det er når ferjene ligg med motoren i gang om natta.

— Kvifor nyttar dei ikkje straum frå land? spør han.

På Halhjem ferjekai er det tilrettelagt for landstraum.

Etterlyser svar frå Fjord1

Nokre av grunneigarane fekk i stand møte med Os kommune og Statens vegvesen i januar. Då etterlyste dei dialog og lista opp ei rekkje problemstillingar.

Grunneigarane kom òg med forslag til løysingar, og vegvesenet formidla klagane vidare til Fjord1 og Tide i mars. Berre Tide har svart.

Tide nyttar landstraum dei få gongene dei ligg ved Halhjem om natta, og følgjer fartsgrensene. Dei føreslår at vegvesenet lagar ein kompakt gummibuffer på ferjebrua for å dempe støy. Fjord1, som har dei fleste avgangane, har ikkje svart på Statens vegvesen sine gjentekne purringar om tilbakemeldingar.

— Utan svar fra Fjord1 blir vårt tilsvar til fastbuande og hytteeigarar noko haltande, seier Rune B. Sandven, Statens vegvesen sin prosjektleiar for kaianlegget på Halhjem.

Støymålingar er gjennomført, utan at vegvesenet vil offentleggjere resultata av desse. I tillegg har mellom andre Runshaug klaga manglande konsekvensutgreiing i forkant av bygginga av nytt ferjeleie inn til Sivilombudsmannen.

VIL HA NATTA TILBAKE: Gerhard Runshaugs hytte har fått nye Halhjem ferjekai som nabo. Dei nye gassferjene går heile natta, ferjene som ikkje går, ligg med motoren i gang natta gjennom. - Svært unødvendig, meiner Runshaug.
Odd Mehus