Ho hadde aldri før høyrt om eit kommunesenter som ikkje i det minste har ein liten postdisk i nærbutikken. Men for tre veker sidan skjedde det i hennar eigen kommune. Så dersom Kristin skal hente pakkane sine på Posten no, må ho reise to og ei halv mil.

Og ho som ikkje eingong har førarkort.

Tar ein arbeidsdag

— Denne forbaska Posten der borte i Oslo. Jo meir dei tener, jo mindre skal dei yte, seier den temperamentsfulle dama i Eivindvik.

Vi er i det vesle husværet hennar i etasjen over Spar-butikken i Eivindvik. Den er pynta til jul med nissar overalt. Over 160 stykke berre i den vesle stova. Det har utvikla seg til ein samlemani, ein hyggeleg og årviss ein.

Ho serverer oss kaffi, tar sjølv og tenner seg ein Blue Master.

Aldri har ho vore av den engstelege typen som er redd for å seie si meining. Såleis var ho raskt ute med lesarinnlegg i avisa da siste rest av postkontor forsvann frå kommunesenteret i desember. Der påpeikte ho at det ville ta henne ein hel arbeidsdag å få henta ein postpakke sjølv.

- Ikkje godt nok!

— Men det finst jo landpostbod som kan bringe ut pakkane til deg og andre?

— Jau då, men da må du jo halde deg heime for å kunne ta imot. Eg for min del jobbar full tid på kommunehuset i Eivindvik, seier ho.

— Men landpostboda er vel lokalkjende her, og veit stort sett kvar folk er å finne?

— Landpostboda her er flinke, dei. Men vi kan ikkje gjere oss avhengige av deira kunnskap og velvilje. Tenk den dagen ein ukjent vikar blir tilsett, eller eit rævhol som ikkje vil yte service, seier ho og ler godt av den grovkorna språkbruken.

— Vi kan ikkje vere avhengige av enkeltpersonars velvilje. Det er ikkje godt nok!

Men til og med Kristin må medgje at situasjonen blir eit hakk betre når vegen mellom Eivindvik og Dingja opnar i mai neste år. Da blir avstanden til næraste post korta ned til ni kilometer frå kommunesenteret.

Post sidan 1797

Like utanfor treff vi på landpostbod Finn Randal i ferd med å levere dagens ladning til kjøpmann Sigvald Kidøy. Det er jul, og Randal må berre kome seg raskt vidare på ruta si.

— Det er jo eg som får all kjeften fordi Posten forsvann frå Eivindvik, fordi eg takka nei til å ta over posttenestene, seier Spar-kjøpmann Kidøy.

Fram til desember var det blomsterhandlaren i nabolokalet som dreiv Posten.

— Når det er fleire butikkar på ein plass, er det eit konkurransefortrinn å ha den servicen post inneber. Men her er vi einaste butikk, og det er berre avstandane som bestemmer kor folk handlar her i Gulen, seier han.

Han har grunngjeve sitt val skriftleg overfor Posten. Det går på ei samla vurdering av service, ekstrabemanning og lønsemd.

— No er kritikken frå folk retta mot meg, og ikkje mot Posten. Og eg må vere så ærleg at eg forstår at folk klagar, seier Kidøy.

  • Men reaksjonane har vore sterkare enn eg hadde venta, og det er ikkje noko hyggeleg.

Ifølgje lokale kjelder har det vore postkontor i Eivindvik i meir enn to hundre år. Første postopnaren var sokneprest Dressing, som starta i 1797.

Apneseth Oddleiv
Apneseth Oddleiv
Apneseth Oddleiv