Velkommen til politikk i Hardanger.

Jan Ivar Rødland prustar i telefonen. Naturinngrep? Hardangerbrua?

Nei. Ikkje for ordføraren i Granvin.

— Eg vil ikkje sjå på bygginga av brua med slike auge, seier Rødland.

Andre gjer.

«Hvor var alle disse demonstrantene da det aller mest skjemmende fjordspennet (Hardangerbroen) skulle bygges? Jeg bare spør», skriv «Rolfen» i ein noko opphissa kommentar på bt.no.

Her, Rolfen, skal du få svar.

Denne veka

Ulvik, tidleg tysdag ettermiddag.

Enno er det fem timar til Jens Stoltenberg og ein sveitt Terje Riis-Johansen skal annonsere at regjeringa har lytta til massive protestar og at ei god sakshandsaming nettopp er blitt endå betre.

Bak skranken på Ulvik folkebibliotek denne ettermiddagen, sit Terje Hjartnes.

  • Det er nok ikkje til å stikke under ein stol. Alle tenkjer på seg sjølv, seier Hjartnes.

Akkurat denne forklaringa skal gå igjen: Hardangerbrua gir umiddelbar nytte i umiddelbar nærleik.

Kraftmastene? Stikk motsett.

Og så, seier Hjartnes, har du det estetiske. Naturinngrep eller ei.

  • Bruer ser fine ut. Fin ingeniørkunst, positive estetiske verdiar. Det har kanskje kraftlinjer også. Men... eg er vel litt meir skeptisk til dei, seier bibliotekaren.

På biblioteket står «Turguide for Hordaland» utstilt. Det same gjer «Hiding in Hardanger».

Sistnemnde ei langt tristare bok enn tittelen varslar.

  • Om turistane sluttar å kome hit om det blir luftspenn? Vel. Ein skal ikkje vere så bombastisk.
  • Er motstanden mot mastene så unison som den verkar, trur du?
  • Ikkje nødvendigvis. Det er kanskje ikkje eit standpunkt du flaggar så høgt. Tar du premisset om å sikre kraft til Bergen, forstår folk det. Dersom det stemmer at kraftsituasjonen er dårleg, er det òg viktig. Men situasjonen her er at dette er tredd nedover oss, veldig kjapt. Ein tradisjonell akse som sentrum mot periferi blir brått veldig aktuell, seier Hjartnes.

Med og utan bunad

Den folkevalde leiaren for denne periferien, Torill Selsvold Nyborg, ler når ho høyrer problemstillinga.

Så tar ho seg i det.

Nyborg meiner det er feil å samanlikne bru og kraftlinjer.

  • Kraftlinjene grip inn i den urørte naturen. For turismen er det veldig uheldig. Den urørte naturen er ein verdi vi må skjerme.
  • Men brua vil vel også gripe inn i den urørte naturen?
  • Jo, det kan du seie. Men vi byggjer jo hus. Heilt urørt natur kan det ikkje bli. Vi må også tenkje på utvikling, seier fylkesordføraren.

I 2006 vedtok Stortinget Hardangerbrua, med jublande ordførarar på tilskuarplass. «Galleriet var fylt opp av eit hundretals hardingar med og utan bunad, som kom til Oslo for å vera med og feira vedtaket», skreiv Hardanger Folkeblad den gong.

Fire år etter har Per Nordø, miljøvernar og svært aktiv brumotstandar, strengt tatt ikkje gitt opp kampen.

Ikkje uventa er Nordø også mot mastene - og sikker på kva som er verst.

  • Hardangerbrua er mykje verre. Den blir langt meir synleg for turistane. Brua ser du utan problem. Kraftlinjene må bli merka med bøyer for at dei skal bli sett, tordnar Nordø over telefonen.

Men Nordø får ikkje ei kraftlinje i luftspenn rett over hovudet.

Det gjer Lars G. Polden, med mindre traseen blir endra.

«Natur av lav verdi»

Inst i Osafjorden, forbi Ulvik, driv kunstnaren sitt eige galleri. Det er ikkje big business, for å seie det slik.

— Eg veit ikkje om eg likar innfallsvinkelen din, seier Polden. Han har sett BTs medbrakte skisse over proporsjonane til bru og mast.

I eit måleri viser Polden sin motstand på ein måte sjølv dei mest tungnæme oppfattar umiddelbart. T-skjorter med motivet er blitt haute couture i Hardanger, trykt opp av aksjonistane.

  • Eg laga det for tre-fire år sidan. Då dei begynte å rasle med sablane.
  • Då dei begynte å rasle med kablane?
  • Då dei begynte å rasle med kablane.

Måleriet er det første besøkjande ser når dei kjem inn i galleriet.

  • Det er først og fremst mastene som er saka. Og det at så mange ville ha bru, det stemmer ikkje heilt med terrenget. Det var meir halvt om halvt.

Sjølv er ikkje Polden særleg til entusiast. Han vil heller ha ferje.

  • Det er ingen fordel at turistane ikkje stoppar opp her hos oss, men heller tar kaffien sin på Voss. Med ferje må dei stoppe, seier Polden.

Han gir ein guida tur på eigedomen. Frå Eidfjord skal traseen først kome ned dalen nærast Poldens galleri. Deretter opp næraste fjelltopp. Frå toppen skal spennet gå over Osafjorden, ein av tre fjordkryssingar.

  • Dette området vart karakterisert som «natur av lav verdi» i dei første skissene. Sjå deg om. Visuell verdi går ikkje gjennom bankkontoen, seier Polden.

Bru og auka busetjing

Tilbake til Granvin-ordførar Jan Ivar Rødland. Han er forrykande for bru, forrykande mot master. Etter hans syn er kraftlinjene eit symbol på at ressursar går ut av regionen. Brua er med på å utvikle næringsliv og vil føre til auka busetjing.

  • Brua gir lokalsamfunna noko, seier Rødland.
  • Kraftlinjene vil auke forsyninga til Bergen. Er det egoistisk å gjere eit inngrep som gir nytte lokalt og nekte eit inngrep som gir nytte lenger unna?
  • Nei, på ingen måte. Av og til må vi som politikarar gjere val. Brua var viktig for å utvikle regionen. For kraftlinjene finst eit alternativ. Å leggje dei i kabel.

Mellom Granvin og Eidfjord reiser to betongtårn seg på kvar si side av fjorden. Dei har nådd rundt halv høgde.

Når brutårna er på plass, startar legginga av 1380 meter veg. Det blir den lengste hengebrua i landet. Askøybrua, som i dag har tittelen, er ganske nøyaktig ein fjerdedel mindre, både i lengd og høgd.

  • Den massive motstanden mot mastene er ikkje berre på grunn av inngrepa i naturen, seier Frank Aarebrot.

Professoren i samanliknande politikk ved UiB er ein uttalt mastemotstandar.

  • Motstanden er blitt noko langt meir, held Aarebrot fram.

Grunnen er denne: Dette er protestar mot det ein meiner er arroganse frå sentralmakta i Oslo. Kraftlinjene blir sett i samanheng med andre vestlandssaker: Industriarbeidsplassar som går til utlandet. Lokalsjukehus som blir bygd ned. Fedje-ubåten som framleis ligg nøyaktig slik den blei funne.

  • Derfor, seier Aarebrot.

Ein gløymd kamp

  • Egoisme. Det er det dette handlar om, seier Per Nordø.

Han meiner lokalpolitikarane hadde hatt ei langt betre sak om dei hadde sagt nei til bru.

  • Då hadde vi klart sagt frå om at vi ikkje tolererer nokon form for naturinngrep. No kan utbyggjarane bruke brubygginga mot oss i kampen om kraftlinja, seier Nordø.

Det er ein vakker tysdag i Hardanger. Sola skin. Gjestene frå ein Cayman Islands-registrert yacht tuslar storaugde i Ulvik.

Anita Hole har nøyaktig null turistar å servere på Den grøne kafé - Das grüne café - Le café vert - The green café.

  • Kampen om brua, ja. Den er omtrent gløymd, seier Hole.

Gjestene på kafeen brukar å kome litt seinare.

  • Eg syns det hadde vore finare utan bru. Det øydelegg i naturen. Eg forstår dei som vil ha den, men personleg kunne eg fint greidd meg utan. Vi har ferje. Du kjem deg over uansett, seier Hole.

I Oslo er møtet mellom sentralmakt og makta i periferien snart over.

I Granvin går rykta. Jens vil snu. Periferien tar eit uventa stikk. Terje Riis-Johansen har sagt at dei har ei elegant løysing. Det skal vere folkesamling klokka 18 ved kaien. Dei skal juble litt på forskot.

To personar ser på skissa BT har tatt med, den som viser proporsjonane mellom monstermast og mønsterbru.

Dei berre ler og nektar å seie noko.

Kva meiner du om Hardangerbrua? Sei meininga di.