Dei to skal gå i front for eit bunadskledd brudefølgje på 65 personar under framsyninga i Oslo Rådhus fredag 23. februar.

Tre unge kvedarar frå Hornindal, Marie Haugen (11), Kristine Kroken (11) og Kristoffer Haugen (13), skal også ta del i framsyninga som blir regissert av Bentein Baardson.

Festen i rådhuset er dei 19 norske fylka si folkegåve til kongeparet. Alle fylke i landet skal vere representert med innslag og videosnuttar under feiringa.

Både kong Harald og dronning Sonja fyller 70 i år. Kongen 21. februar, og dronninga 4. juli.

INGER H. ASKE LOTHE, FIRDA TIDENDE