— Denne gongen kjenner eg meg trygg på at det skal gå, seier ordførar i Fjaler, Arve Helle, etter at Statens vegvesen i går fortalde at dei går inn for brubygging.

Ordføraren seier dei har fått stadfesta at kostnadene med brusambandet ikkje har gått til himmels sidan sist det blei rekna på. I tillegg fekk dei høyre vegvesenet parkere ferjealternativa.

— Vi har vel inst inne både visst og trudd at det ville gå slik. Men det var godt å få det stadfesta, seier Helle.

710 millionar

Dalsfjordbrua er eitt av dei mest omdiskuterte vegprosjekta på Vestlandet. Stortinget vedtok å byggje brua i 1974, og arbeidet blei sett i gang like etterpå. Men etter at det var brukt kring 70 millionar kroner på å byggje fire kilometer veg og ein tunnel på 500 meter, blei anlegget stoppa i 1979. Løyvingane blei overført til andre tiltak, og geitene tok i bruk den nybygde vegen.

Først i 2005 blei sambandet teke inn att i varmen. Då prioriterte fylkestinget anlegget. Og det er på denne bakgrunn Statens vegvesen har gått gjennom planane på ny. Dei konkluderer med av anlegget med ny veg på nordsida av Dalsfjorden og bru frå Otterstein til Dale i Sunnfjord, vil kunne byggjast for kring 710 millionar kroner.

Som alternativ har vegvesenet også vurdert to ferjealternativ, kabelferje frå Otterstein til Dale og eit nytt ferjeleie på nordsida av fjorden for å korte ned dagens 25 minutt lange ferjetur. Begge desse alternativa blir mykje billegare enn bru. Når vegvesenet likevel går inn for det mykje dyrare alternativet, er grunnen at eit brusamband vil ha langt større positiv effekt for området.

Milepæl

— Målet med sambandet er at det skal styrke Dalsfjordregionen som ein bu-, teneste- og næringsregion, og medverke til auke i folketal og sysselsetjing. Ei bru vil vere klart betre for å nå slike mål, er rådet frå regionvegsjef Ole Christian Torpp.

Brua skal erstatte dagens ferjesamband mellom Dale og Eikenes. Reisetida mellom Askvoll og Dale vil bli korta ned frå ein knapp time til 18 minutt. Vegvesenet reknar med byggjestart hausten 2009, og at det tek tre-fire år å få anlegget klart.

Arve Helle meiner det er realistisk at dei første bilane kan køyre over brua alt i 2012.

— Tilrådinga frå vegvesenet er ein milepæl, seier Helle.

— Men om dette sambandet har det vore mange milepælar?

— Ja, men denne gongen kjenner eg meg trygg på at vi skal kome i mål. Eg er heilt sikker.

I delar av Askvoll har det vore motstand mot brua. Dei vil heller ha betre veg mot Førde.

— Det vil vere feil av meg å stikke under ein stol at det er ei viss intern usemje. Men alle politiske vedtak i kommunen har vore gjort med solid fleirtal: Dette er eit svært viktig samband for heile regionen, seier ordførar Aud Kari Steinsland.

Faktisk kan Dalsfjordenområdet få i pose og sekk. Der brufestet skal vere på sørsida, ved Nishamrane, er det stort behov for rassikring. Ny tunnel er alt inne på rassikringsplanen, og vegvesenet meiner denne bør byggjast samstundes med brua.

Apneseth, Oddleiv