Men tunnel er best i forhold til natur, landskap, nærmiljø, friluftsliv og naturressursar. Det slo Norconsult fast då planleggjarar og byråkratar hadde møte om saka nyleg.

Det vil nok velforeiningane både i Drotningsvik og på Litle Sotra merka seg.

— Vi likar ikkje lange tunnelar med stor trafikk, seier utbyggingssjef Lars Aksnes i Vegdirektoratet til Bergens Tidende.

— Det vi er redde for, er kva som skjer om det skulle oppstå ein kollisjon som førte til brann eller eksplosjon langt inne i ein tunnel. Og då snakkar vi både om tunnelar gjennom fjell og tunnelar under sjøen.

Ingen alternativ

Aksnes meiner at risikoen for slike store ulukker vert større og større etter kvart som det vert bygt fleire lange tunnelar i bystrok med stor trafikk.

— Men de har no bygt rikeleg av slike tunnelar både i Bergen og Oslo. Fløyfjellstunnelen, Damsgårdstunnelen, Festningstunnelen, Vålerengatunnelen, Ekebergtunnelen. For ikkje å snakka om Bjørvikatunnelen, som får ein trafikk på over 100.000 bilar i døgnet?

— Jau då, men ofte finst det ikkje alternativ til å byggja tunnelar for å få trikken fram. Alternativet til Vålerengatunnelen i Oslo ville til dømes vore å rasera ein heil bydel for å byggja ein fire felts veg.

Bru som alternativ

— Når det gjeld Sotrasambandet, er det slik at vi har eit opplagt og utgreidd alternativ til tunnel, nemleg bru, seier Lars Aksnes.

— Betyr dette at Statens vegvesen alt no heller i retning av å tilrå bru som nytt vegsamband til Sotra?

— Det betyr det ikkje. Vår haldning til dette er generell og prinsipiell. Men når valet står mellom bru og undersjøisk tunnel, må vi og ta omsyn til energibruk og klimautslepp. Her er bru mykje betre, fordi vi då slepp å køyra langt ned, og så langt opp att, noko som er svært energikrevjande.

Kommunane avgjer

Når det gjeld Sotrasambandet, går det no føre seg arbeid med å sy saman ein rapport som skal enda med at Statens vegvesen seier kvar dei meiner den nye vegen bør gå. Rapporten skal vera ferdig ein gong i juni. Etter framdriftsplanen skal dei råka kommunane handsama rapporten og gjera vedtak i løpet av hausten.

Lars Aksnes opplyser at Vegdirektoratet ikkje kan gripa inn direkte og skjera gjennom i valet mellom bru og tunnel til Sotra. Men dersom det skal lagast kryss i tunnel, må det godkjennast av Vegdirektoratet. Tunnelar på meir enn 10 kilometer må og godkjennast. Men ein tunnel i fjellgrunnen under Sotrabrua vert truleg ikkje lengre enn 5-6 kilometer.

Kva meiner du må til mellom Sotra og Bergen? Sei di meining her!

TRYGT, MEN KONFLIKTFYLT: Bruer byr på mindre risiko for trafikken. Men det går tydeleg fram av biletet at ei ny bru med fire køyrefelt vil bety store inngrep i bustad- og nærmiljø på begge sider av Knarreviksundet mellom Litle Sotra og Drotningsvik. Frå ein slik synsstad, er tunnel det beste, meiner Norconsult. Geologiske granskingar viser at det er godt tunnelfjell under botnen i korridoren der Sotrabrua står i dag.