ARNE HOFSETH

— Under den hvite bro, seiler en båt med to, kvitra Ap-politikaren på fylkestinget sin talarstol.

Like etterpå kunne fylkesordføraren klubba for ei finansiering av Hardangerbrua utan andre statlege pengar enn sparte ferjesubsidiar. Bompengeselskapet Hardangerbrua AS vart beden om å utarbeida bompengesøknad. Vedtaket vart gjort mot ti røyster på venstresida.

Sju minutt erotikk

Joril Christensen si songglede vart utlyst av eit heller uvanleg romatisk-erotisk ordskifte, til fylkestinget å vera.

Brumotstandaren Lars Helge Ljone opna ballet. Han ville at ferjeturen over fjorden skulle framstillast som noko positivt, som ei kjærleikens ferjereise, ein erotisk møteplass.

Tidlegare ferjependlar Hans Otto Robberstad tvilte sterkt på romantisering av ferjereiser. Han mintest best bordplater av brun respatex, fastbolta stolar og bord, sure askebeger og sure folk. Folk som må stå opp ein halv time før dei eigentlig trong, er for trøytte til romatikk og erotikk, meinte Robberstad.

Austevoll-ordførar Helge André Njåtveit ville ikkje tilrå seksferja til Austevoll.

Skepsis

Frå motstandarhald vart det ytra sterk skepsis til kostnadskalkyler og trafikkprognosar. Bjørn Lothe meinte ein burde ha lært av Folgefonntunnelen og Osterøybrua, og rekna med tilførslevegar i prosjektet.

Lars Helge Ljone krarakteriserte Hardangerbrua som ein gaukunge som vil fortrenga andre viktige prosjekt. Han ville avliva myten om at brua løyser alle problema Hardanger strir med.

Men gårsdagen var først og fremst brutilhengarane sin dag. Kjellaug Holm har flagget klart. Får brua også eit ja på Stortinget i kveld, går flagget til topps i morgon tidleg.

SONG: Joril Christensen stemde i med song frå talarstolen.