Samstundes vert vegsjef Ole Chr. Torpp skulda for å driva politikk i saka om Jondalstunnelen. Alt dette skjer rett før fylkestinget skal handsama fylkesvegplanen, der Jondalstunnelen er feitaste stykket.

Mandag braut det ut reine ordkrigen mellom Folkeaksjonen Jondalstunnelen nå og organisasjonen Hardangerbru med betre vegar. I eit brev til samferdslekomiteen på Stortinget skriv folkeaksjonen Jondalstunnelen nå at Hardangerbrua ikkje vil gje nokon fordelar for samferdsla i indre Hardanger og kommunane rundt. «... snarere tvert imot».

— Begeret fullt

I eit skarpt tilsvar reagerer Aud Opheim Lygre i Hardangerbru med betre vegar på åtaket.

— No er begeret fullt. Hittil har vi halde oss i ro, fordi vi ikkje ville setja desse to prosjekta opp mot kvarandre. Etter folkemøtet i Odda for Jondalstunnelen for få veker sidan, oppfatta eg det også slik at aksjonen for Jondalstunnelen ikkje hadde som mål å motarbeida Hardangerbrua, seier Aud Opheim Lygre til Bergens Tidende.

- Hardangerbrua vil tapa

Varaordførar i Jondal og leiar i Hordaland Senterparti, Sigrid Brattabø Handegard, har vore redd for denne utviklinga. Grunnen er at fylkesveganlegget Jondalstunnelen ser ut til å enda som riksveganlegg, på grunn av den todelinga av vegnettet som er på gang.

— Dersom dette skjer, vil tunnelen konkurrera direkte med Hardangerbrua. Då må kommunane i Hardanger verta nøydde til bestemma seg for kva som skal stå øvst av dei to. Då vert det kløyving i Hardanger, og eg er redd for at Hardangerbrua taper mest på ei slik kløyving, seier Brattabø Handegard til Bergens Tidende.

400 millionar kroner

Jondal-ordførar John Skogseth mistenkjer for sin del vegsjef Ole Chr. Torpp for å driva politikk i saka om Jondalstunnelen. I eit brev til fylkestinget skriv Torpp m.a. at moglege arkeologiske funn på Torsnes kan utløysa krav om konsekvensutgreiing. Interessante funn kan og gjera det naudsynt å endra tunnelframføringa, slik at lengda kan koma opp i over 10 kilometer. Då kan prisen på tunnelen stiga til over 400 millionar kroner, noko som også utløyser krav om konsekvensutgreiing.

- Rett på reguleringsplan

Hordaland vegkontor har og rekna tilførslevegen frå Folgefonntunnelen til Jondalstunnelen inn i prosjektet. Også det kan få den samla prisen opp i over 400 millionar.

— Dette brevet er einsidig negativt til Jondalstunnelen, og står i motstrid til det vegkontoret skreiv til fylkeskommunen så seint som i september: «Ut frå denne vegutgreiinga meiner vi at vi kan gå rett på reguleringsplan for Jondalstunnelen utan å gå via kommunedelplan», siterer John Skogseth.

— Vegkontoret skreiv vidare: «Vi vurderer det slik at dersom Jondalstunnelen får statleg løyving ved overgangsordninga for fylkesvegar i Nasjonal Transportplan, skal ikkje planlegginga vera ein flaskehals for framdrifta av prosjektet».

- Politisk innspel

— Det som no kjem fram i brevet frå vegsjefen, har vore tema for drøfting heile tida. Difor er det underleg at dette no vert kasta inn i den politiske debatten som om det skulle vera nye fakta.

Det er ikkje noko i brevet som ikkje for lengst kunne vore lagt fram for samferdsleutvalet og fylkesutvalet. Difor er det vanskeleg å sjå dette som noko anna enn eit politisk innspel, seier Jondal-ordførar John Skogseth.

- Over mål

Fylkestingsrepresentant Arne Jakobsen meiner John Skogseth skyt langt over målet.

— Vegsjefen peikar berre på ein del sjølvsagte ting i planprosessen. Det er svært viktig at vi som ansvarlege politikarar ikkje vert tekne for å gå snarvegar i handsaminga av Jondalstunnelen, seier Arne Jakobsen.