Den tretti meter lange betongbrua på riksveg 55 er nå stengd for all trafikk i frykt for at den skal rase heilt ut.

— Me prøvde med ein og ein bil over bua, men såg at den seig og ikkje tålte belastinga, seier Vegvesenets distriktssjef i Sogn, Paal Fosdal.

Vegvesenet arbeidar nå med å få til ei reservebru.

— Me håpar å ha den klar innan to til fire dagar, forklarar han.

Det er mogleg å passere brua til fots og det er sett opp buss på kvar side av brua.

— For dei som absolutt må ha med seg bilen er det sett opp ferge mellom Hella og Kaupanger som går annan kvar time, seier Fosdal.

Brua i Fardal fekk store skader i flaumen måndag og vart sjekka før i dag. Men då ein buss passerte klokka 14.30 braut den saman, meldar Sogn Avis. Ingen kom til skade då brua fekk seg ein knekk.