– Vi kjem aldri i den situasjonen at det er pengar nok. Det gjeld å bruka pengane best mogeleg, og det er ein god måte å spørja brukarane, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen rett før seminaret opnar.

Seminar opna i dag

Vegvesenet skipar til seminar om vinterdrifta av fjellovergangane mellom aust og vest på Voss 1. og 2. september.

Den siste ti-års perioden viser at Filefjell, Hardangervidda, Aurland-Hol, Hemsedalsfjellet og Strynefjellet har ligge på om lag 696 stengde timar for vinteren. I 2007 var fjellovergangane mellom aust og vest stengde i til saman 1.822 timar, ifølge NRK .

Dette dannar bakteppet for seminaret som vart opna i dag, der Gustavsen opna for innspill fra publikum om korleis vegvesenet bør prioritere pengebruken.

Ekstra tøff vinter

Regionvegsjef Olav Ellevset vedgår at Vestlandet har vore gjennom ein ekstra tøff vinter, med fleire stengde høgfjellsvegar enn vanleg. I ein periode var alt stengt. Livsviktig transport stogga opp.

– Slik kan vi berre ikkje ha det, seier Ellevset.

Han antydar at det må gjerast prioriteringar, utan at nokon av fjellovergangane vert stengde heile vinteren. Siktemålet med seminaret er å få oversyn over konsekvensane av stenging og kolonnekøyring på kvar av dei sju høgfjellsvegane.

Vikafjellsvegen (riksveg 13 Voss-Vik) som var stengt oftast i vinter, er i utgangspunktet ikkje på agandaen sidan vegen ikkje bind saman aust og vest.

Kva syns du om dei mange stengde fjellovergangane? Kva bør gjerast? Bruk kommentarfeltet under!

SPØR OM RÅD: - Det gjeld å bruka pengane best mogeleg, og det er ein god måte å spørja brukarane, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen rett før vegseminaret på Voss opnar i dag.
Arne Hofseth