Men no kan snøen få skulda for at ruta får seinare oppstart. Statens Vegvesen krev nemleg at BNR skal ha ansvaret for å brøyta kaien på Knarvik når det snør.

— Eg trur det må vera nokså eineståande at det ert sett fram krav om at eit ruteselskap skal ha ansvaret for brøyting på ein offentleg veg, seier Trygve Tønnesen i BNR til avisa Strilen. På grunn av brøytekravet og eit par andre forhold, er opninga av ruta utsett på ubestemt tid.

— Vi vil finna løysingar på dette først, men det kan ta litt tid, seier Tønnesen.