Det blei klart no i ettermiddag etter at forhandlingane om konsitueringa blei avslutta. Hallvard Oppedal frå Senterpartiet blir varaordførar.

Brosvik har vore mellom dei mest profilerte ordførarane i Sogn og Fjordane siste åra, og var storfavoritt ved måndagens kommuneval. Men også i Gulen måtte KrF tole ein viss tilbakegang, og Sp blei største partiet.

Men forhandlingane etter valet har avklara at Brosvik held fram.

I Leikanger blir det derimot maktskfite. Olav Lunden frå Ap tek over etter Venstres Rolf Nesheim som gjorde eit svært dårleg val. Senterpartiet får varaordføraren i Jarle Andersen.

I Lærdal tek som venta tidlegare fylkesordførar Knut O. Aarethun (Ap) over ordførarklubba. Ap og SV samarbeider om konstitueringa og SVs Anna Avdem blir varaordførar. Aarethun avløyser Olav Wendelbo frå Sp.

HELD FRAM: Trude Brosvik.
ARKIVFOTO: MARIANN AARSETH