TORSTEIN TVINNEREIM (tekst og foto)

Stryn

Sjølv om ikkje bekken er så stor, var han relativt djup på staden der Sondre gjekk gjennom isen, og berre ein heltemodig innsats frå storebror på ni år, gjorde at det heile gjekk bra til slutt.

På oppdagingsferd

Dei to brørne Sondre (4) og Harald André Ljostad Galtung (9) var laurdag med foreldra på Ullsheim for å sjå på Noregscup i langrenn. Saman med dei vaksne og kameraten Sondre Guddal Muri (9) sat dei og grilla pølser og kosa seg, før gutane fann ut at dei skulle på ei lita oppdagingsferd. Rett nord for skianlegget renn ein liten bekk. Den er ikkje særleg stor, men på dei flate myrane har han greve seg ganske djup, ein meter og vel så det på det djupaste. Det var på kvar si side av denne bekken dei tre vart ståande. Minstemann Sondre ville over til dei to andre og freista hoppe over bekken. Det klarte han ikkje. I staden landa han på isen, som gav etter, og Sondre gjekk heilt under, før bobledressen gav han så mykje oppdrift at han kom opp til overflata igjen. Det er bratt og isete på begge sider, så det er slett ikkje enkelt for ein fireåring å kome seg opp ved eiga hjelp.

Snarrådig

Men storebror Harald Andre tok kommandoen.

— Eg sa til Sondre (kameraten på ni år, red.anm.) at han måtte springe og hente hjelp, før eg prøvde å få minstebror min på land. Eg gjekk så langt ned eg våga og prøvde å dra han opp, men han var veldig tung på grunn av alt vatnet som hadde samla seg i bobledressen. Først prøvde eg ein gong, men då heldt eg på å fare ut i vatnet sjølv, men neste gong gjekk det bra og eg fekk hala han opp på land, fortel Harald André.

Då kameraten kom til staden med dei vaksne var største dramatikken over, veslebroren var komen på land, våt og noko sjokkert, men utan andre mein.

— Eg sprang alt eg klarte for å hente hjelp, fortel kameraten Sondre.

— Då dei kom tilbake var det berre så snøspruten stod rundt dei, smiler Harald André. Mor var litt sint, men det var sikkert berre fordi ho var redd, seier han, og har tydelegvis alt tilgjeve ho det.

Redd Sondre skulle drukne

Sjølv ein helt har lov til å vere redd, og redningshelten tilstår gjerne at han var engsteleg medan det stod på.

— Eg var redd for at Sondre skulle drukne, og eg var litt redd for at eg skulle falle ut i bekken sjølv og, fortel han.

— No er eg i grunn berre glad det er over, smiler han.

— Det var kaldt! var det einaste veslebroren Sondre ville seie om opplevinga han hadde hatt under isen.

Far til dei to, Hans Petter Galtung, fortel at dei heldigvis hadde med tørre kle i bilen, slik at Sondre fekk skifta.

— Han fraus ei stund ja, og var nok litt i sjokk etter det som hadde hendt. Han har ikkje villa snakke så mykje om det, og det kan vi no forstå.

Galtung poengterer at han ikkje klandrar nokon på skianlegget for det som skjedde.

— Ein kan ikkje sikre seg mot alt, ungar spring fort avgarde og tar ein auga frå dei eit minutt er dette slikt som kan hende.

PASSAR PÅ: Storebror Harald Andre (t.h.) passar godt på at veslebror Sondre ikkje skal falle ut i bekken igjen. Sondre Guddal Muri (t.v.) var rask og springe etter hjelp då ulukka var ute laurdag.<p/>FOTO: TORSTEIN TVINNEREIM