Denne versjonen gav den eine av dei to jentene som var med i bilulukka i Balestrand då rettssaka tok til i går. I Sogn tingrett står 20 år gamle Madushanka Perera tiltalt for å ha køyrt i hel sin eigen bror. Tiltalte seier sjølv han ikkje hugsar noko av det som skjedde.

I alt fire personar var med i bilen som køyrde utfor vegen ved Hamrane like utanfor Balestrand sentrum, natt til søndag 25. juli i fjor. I baksetet sat eldstebror Dilshan og kjærasten frå Bergen. Framme sat kusina hennar og yngstebror Madushanka.

Kven køyrde?

Dilshan Perera døydde momentant. Han blei kasta ut, mest truleg då bilen dundra inn i bergknausen der den ville ferda stoppa. Redningsmannskap fann den omkomne fem meter frå vraket. Begge dei to jentene blei hardt skadde, og låg lenge på sjukehus. Madushanka var den som fysisk slapp lettast frå ulukka.

Statsadvokaten meiner Madushanka køyrde bilen i rusa tilstand. Men ingen har sett han føre bilen. I dei siste vitneobservasjonane før ulukka er det jenta som sit bak rattet.

Då dei første vitna kjem til ulukkesstaden fem minutt etter ulukka, ligg Madushanka på bakken framfor bilen. Jenta sit i passasjersetet med bilbeltet på. Kusina i baksetet hugsar ingen ting frå ulukka. Forsvarar Louis Anda prøver å så tvil om at Madushanka var føraren. Var det ikkje han, må det ha vore den 20 år gamle jenta som var i vitneboksen i går.

Var sjåfør

Saman med broren og mor si drog ho frå Bergen for å besøkje bestemor i Nordfjord denne helga. Turen blei lagt om Balestrand, der kusina budde saman med kjærasten Dilshan. 20-åringen fekk lyst til å overnatte hos søskenbarnet, før ho skulle dra vidare søndag.

Hos kusina og Dilshan blir det fest. Relativt tidleg drikk ho eit halvt glas av ein drink, men stoppar med det. Difor blir jenta, som berre har hatt sertifikat nokre månader, sjåfør. Då dei skal heim att etter å ha vore på pub, vil ho ikkje køyre den kraftige BMW-en siste meterane opp til huset.

— Vegen var smal, og det var mørkt. Eg bad tiltalte køyre. Vi skifte plass. Men i staden for å køyre opp, sa tiltalte at han ville ta ein liten køyretur.

— Kva hugsar du etterpå? spurde aktor, statsadvokat Bjørn Soknes.

— Eg hugsar at det gjekk fort. Broren bad tiltalte slakke ned.

— Gjorde han det?

— Nei.

— Kor tid var det at broren bad tiltalte setje ned farten?

— Eg veit ikkje. Alt gjekk så fort. Det var omtrent som om vi sette oss i bilen, og så skjedde det, fortalde jenta. Ho hugsar ikkje noko frå sjølve ulukka før ho kom til seg sjølv i bilen. Det første ho erindrar er kusina som ho høyrer grin frå baksetet.

Munnhoggeri

Vitneavhøyret av bergensjenta i tingretten i går blei svært kjensleladd.

— Det har vore sterkt å kome tilbake. Det er første gongen eg er her etter ulukka, sa ho.

Det heile toppa seg då forsvarar Louis Anda bad vitnet reise seg og vise kvar ho hadde fått skadane. Jenta hadde to brot i bekkenet, knekt kragebein og fleire kuttskadar. Etter at ho hadde vist kvar ho pådrog seg skadane, bad forsvararen om å få rattet frå ulukkesbilen. Anda ville prøve om skadane på rattet kunne passe med hennar hofteparti, noko som i så fall kunne indikere at vitnet sat i førarsetet.

Anda hadde bedt politiet framskaffe rattet til rettssaka, men verken statsadvokaten eller dommaren visste på førehand at det skulle brukast slik. Utspelet førte til sterke reaksjonar.

— Dette er utilbørleg. Vi som sit her i retten i dag kan uansett ikkje vurdere om skadane på rattet kan kome frå vitnet, sa ein tydeleg opprørt Bjørn Soknes.

— Det er politiet si oppgåve å framskaffe bevis, og få slike ting som dette vurdert, repliserte Anda. Han gjorde det klart at han vil krevje at rattet blir lagt fram som prov for retten.