– Stemninga står i taket her. Utruleg moro å vera med på dette, skriv sjåfør Birger Rokne i Voss Rafting i ein SMS.

Medalje i første øving, av seks, har gitt meirsmak. I neste øving tevlar to og to båtar mot kvarandre, og den beste går vidare. To av øvingane går på 17. mai, og jentene har alt veiva med flagget for pallplassen.

Det norske laget har utspring i rafting-miljøet på Voss.

Med på laget er Gunvor Wæhle, Gerd Nette Drabløs, Torill Pedersen, Kristin Gluck Evensen, Ragne Berre og kaptein Valery Bertrand.