• Vil dei ha krig, skal dei jaggu få det, var tittelen i Høyanger-avisa Ytre Sogn i går. Bakgrunnen er ei krigserklæring frå Sunnfjord i form av ein brødpose.

For Høyanger Samvirkelag har skifta brødleverandør, og blant dei nye brøda i hyllene finst eit med namnet Førdebrød.

Å pushe brød med eit slikt namn i Høyanger blir nærast oppfatta som ei krigserklæring. I alle fall ein provokasjon.

Heitt tema

Det heile starta da S-laget gjekk frå Lefi Bakst i Jølster til Naustdal Dampbakeri. Begge er rett nok Sunnfjord-bedrifter, men den store skilnaden er at naustedølene har eit spesielt brød i sitt sortement.

Førdebrødet.

Ifølgje lokalavisa Ytre Sogn er brødprovokasjonen no det heitaste temaet på Samvirkehjørnet — det lokale speakers corner i industribygda. Blant dei som har reagert er Olav "Olemann" Øye.

Det var han som spontant kom med krigserklæringa i avistittelen.

- Dagen er øydelagt

— Han kunngjorde krigserklæringa på Samvirkehjørnet fredag klokka tolv, i klar haustsol og bitande elvetrekk, skriv avisa.

Og Øye fekk medhald av samtlege til stades.

— Kvar gong eg går forbi brødhyllene på samvirkelaget, er resten av dagen øydelagt, ytra ein annan Høyangerpatriot på hjørnet, stadig ifølgje avisa Ytre Sogn.

For sikkerheits skuld kjøpte avisa eit slikt brød og sjekka varedeklarasjonen, men ingen på avishuset turde å smake på det, framgår det av reportasjen.

Nøytral pose

Dagleg leiar Ragnar Berntsen i Naustdal Dampbakeri vedgår overfor NRK Sogn og Fjordane at dei faktisk tenkte på at Førdebrødet kanskje ikkje ville slå godt an i Høyanger.

No vurderer dei å døype om brødet til noko meir spiseleg for Høyagerfolk, men innhaldet i brødposane blir det same, seier Berntsen i Naustdal Dampbakeri.

PS: Inntil bakeriet finn på eit nytt namn, vil Førdebrødet bli sendt til Høyanger i nøytrale, kvite brødposar.