— Hm. Slett ikkje dårleg. Klangen er der med ein gong, seier Olav Stordal. Han svingar bogen og dreg opp Gjärdebylåten mellom varehyllene på Obs i Lagunen.

— Dette var betre enn ein skulle tru. Eit bra byrjarinstrument, seier Stordal om fiolintypen, som i nokre veker har vore til sals på Obs.

Pris, medrekna fiolinkasse, boge og harpiks: 699 kroner.

Olav Stordal snur og vender på instrumentet, bankar på loket og botnen, lyttar til klangen. «Handlaga fiolinar, gran i toppen og lønn i botnen og på sidene», står det på eit papir som følgjer med. Fiolinane er laga i Kina, og dei som Obs har i sal, er av ¾ storleik.

Dyrare etter kvart

— Til ein slik pris er dette heilt greie instrument for born som skal læra seg det grunnleggjande. Men dersom dei finn ut at dei vil gå vidare med fiolinspel, bør dei nok så snart som mogleg skaffa seg eit endå betre instrument. Og då snakkar vi om fiolinar som kostar fleire tusen kroner, seier Stordal, som sjølv underviser unge fiolinistar i Bergen kommunale musikkskule. Før han gjekk av med pensjon for to år sidan, spelte han 1. fiolin i Bergen Filharmoniske Orkester. Der hadde han ein fiolin utlånt frå Voss Folkemuseum. Den var verdsett til 150.000 kroner.

Ole Bull og Rybak

Salsleiar for elektronikk og underhaldning på Obs, Elias Nicou Kleanthous, er nøgd med Stordal si vurdering av billegfiolinen. Og endå meir nøgd er han når Daniel Gaasenbeek kjem forbi og tek med seg ein fiolinkasse frå stabelen.

— Den er til svigerinna mi. Ho er 13 år, seier Gaasenbek, som sjølv reknar seg som god amatør og har ein fiolin til mange ti tusen.

Først på Vestlandet

Kleanthous opplyser at dei alt har seld over hundre fiolinar. Det fyrste partiet kom inn litt før Grand prix-finalen i slutten av mai.

— Vi vart litt inspirerte av Ole Bull-jubileet og Alexander Rybak, og tenkte at fiolinar kunne vera noko å satsa på. Etter det Kleanthous veit, er Obs i Lagunen den fyrste butikken av dette slaget på Vestlandet som har fiolinar i sitt vareassortement. Ideen er henta frå Smart Club, som over ei tid har seld mange fiolinar frå butikkane sine på Austlandet. I mellomtida har COOP overteke Smart Club.

— Vi kan gå så langt ned i pris fordi vi kjøper direkte inn frå fabrikken i Kina. Salet har gått overraskande bra, og no er eit nytt parti på veg, seier Kleanthous.

Ny lærdom

  • Kva slags tilbakemeldingar har de fått frå dei som har kjøpt?

— Vi har fått reaksjonar på at det ikkje var lyd i instrumentet. Då måtte vi læra oss at bogen må strykast med harpiks for å gje lyd. Og harpiks følgjer med. Så kom det klage på at stolen datt av. Då lærte vi at stolen ikkje er festa til kassen. Han skal vera laus, for å kunna flyttast fram og attende.

— Kva gjer det dersom nokon kjem inn med ein fiolin som treng reparasjon?

— Kva kan vi gjera? Ein reparasjon vil garantert kosta meir enn å kjøpa ein ny fiolin, svarar Elias Nicou Kleanthous.