Stord-bedrifta, som før heitte Leirvik Sveis, sikrar grunnsysselsetjinga for sine knapt 300 tilsette dei neste to åra med oppdraget for British Petroleum (BP). Kontrakten blei vunnen blant anna i tevling med to britiske selskap.

Leirvik MT skal først levera ein utstyrsmodul til Clair-prosjektet i januar neste år, i april 2004 skal Stord-bedrifta ha klar Clairs bustadmodul i stål med helikopterdekk og soveplass til 120 personar. Feltet ligg på 140 meters djup 75 km vest av Shetland. Det blei oppdaga alt i 1977, men er ikkje sett i produksjon.

Administrerande direktør Harald Karlsson ved Leirvik MT seier at bedrifta med denne kontrakten er føre tidsskjemaet som tilseier halve omsetnaden knytt til internasjonale oppdrag i løpet av 2003.

Kontrakten er oppnådd blant anna som resultat av at Leirvik MT i fjor etablerte eit dotterselskap i Houston, USA, der BPs Clair-prosjekt er vidareutvikla.

Leirvik MT har i alt levert over 20 bustadkvarter til Nordsjøen. Verksemda har inne tilbod på leveransar til offshoreprosjekt i Vest-Afrika, der det er venta tildelingar til sommaren. I vår gir Leirvik MT også tilbod på utbyggingar i Mexicogolfen og på Statoils Kristin-prosjekt.