ARNE HOFSETH

Bringebær skal plantast i bein rekke. Profesjonelle bønder har plass til traktor mellom rekkjene.

Plant gjennom svart fiberduk med 50 cm avstand (60 cm for Glen Ample) helst i juni, om plantane er å få kjøpt så tidleg.

Set opp solide, og solid forankra, mannshøge endestolpar i kvar rekke. Er rekkja meir enn fem meter, trengst mellomstolpar for kvar femte meter. Bruk stolpar på 1,8-2,5 meter, avhengig av veksttilhøva og kor høgt du vil strekka deg etter bær, og dunk dei ca. ein halv meter ned i jorda.

Til kvar stolpe fester du ein 90 cm lang tverrstokk ca. 50 cm over bakken. Bruk helst lange terrasseskruer og drill.

Strekk to strenger stramt mellom tverrstokkane, avstand 15-20 cm, slik at plantane så vidt får plass mellom strengane.

Til våren (april) flyttar du eine strengen litt ut på tverrstokken, og bind plantane, som no berre består av fruktberande andreårsskot, til denne strengen. Dermed blir det plass til nye skot å veksa rett opp. Når du har hausta bæra på andreårsskota, klipper du dei vekk, og flytter tverrstokkane opp til mannshøgd, 3-4 knoppar under toppen av planten. Toppar som ragar høgare, klipper du av.

Til neste vår bind du plantane til strengane, sånn omtrent annankvar til høgre og venstre streng, som så vert flytta ut mot endane på tverrstokken. Tre plantar pr. meter streng, er nok. Resten skal fjernast (tynning).

Det oppstår no ei opning i midten, der årets nye skot får veksa beint opp. Dei treng inga anna støtte enn den fjorårsskota gjev. Men bind gjerne saman strengane med ein tverrstreng midt mellom stolpane (2,5 m).

Fjorårsskot, som ber frukt i år, er no kome ytst, og bæra kan lett plukkast.

Før ny vinter kjem, vert fjorårsskota klipte bort, tverrstokken heva, og strengane flytta inn mot midten.

Til våren deretter vert strengane flytta frå kvarandre att, og bringebærbuskane bundne til strengane. Dermed blir det på nytt plass til nye skot i midten. Slik har ein det gåande.

DYRKINGSTEKNIKK: Nytt felt Glen Ample bringebær. Berre andre året er andreårsskota ytst så stutte. Seinare vil strengane vera i mannshøgd.<br/>Foto: ARNE HOFSETH