PER MARIFJÆREN

Med over 90 prosent av den totale produksjonen er Sogn og Fjordane sjølve bringebærfylket i landet. Og det er nye tider i bransjen. Gode tider.

Der nesten alle bringebæra tidlegare enda opp som bulkvare i saft— og syltetøyindustrien, skal du no ha små problem med å finne dei ferske i delikate små korger i butikken. Ei delikatesse for deg som vil ha gode dessertbær, og langt meir lønsamt for dyrkaren.

Lønsam delikatesse

Så seint som i 2003 gjekk mindre enn 20 tonn bringebær ut på denne godt betalande marknaden, medan bringebærprodusentane i fjordfylket i år leverer over 150 tonn konsumbær gjennom Bama-systemet.

Mathias Hestenes i Nordfjord er blant dyrkarane som har satsa hardt på å auke andelen konsumbær.

På garden har han 20 mål bringebærplanter, og langs rekkene av busker går i desse dagar fem litauiske familiar og tar seg av innhaustinga.

— Takka vere konsum-leveransane til Bama-systemet blir det pengar av dette. I år går rundt ein firedel av min produksjon til konsum. Neste år håpar eg å auke konsum-delen til femti prosent av totalen, seier bærbonden på Hestenes i Gloppen kommune.

Utanlandske hender

Det er den skotske bærtypen Glen Ample som har blitt redninga for bringebærdyrkarane. Den gjev robuste, smakfulle og - ikkje minst viktig - haldbare bringebær.

For førsteklasses bær av denne typen får dyrkaren betalt ein plass omkring 30 kroner kiloet, nok til at det blir butikk når utgiftene er betalt.

Plukkarane på Hestenes er frå den sørlitauiske byen Varena, og gruppa på 22 består av fem familiar som alle er i slekt med kvarandre. Det er tredje året på rad dei brukar sommarferien på bærpukking på garden i Nordfjord.

— Det er heilt ok å arbeide her. Vi kjener alle kvarandre og har eit godt sosialt eit felleskap. Og så kan vi reise heim litt rikare enn vi kom, seier 20-årige Rasa Puzaite, som er midt i ei hektisk plukkeøkt. På gode dagar blir det meir enn hundre kilo bringebær i bøttene.

Familiane har alle bil med seg, og har brukt fridagane i sommar til å vere turistar på kysten og elles i distriktet.

Rasa er ei av nærare tusen utanlandske statsborgarane som bergar avlinga for bærdyrkarane i fjordfylket.

Bringebær har tatt av

Fylkesgartnar Torbjørn Takle er sjølve arkitekten bak satsinga på bringebær på Vestlandet, og opplevde så seint som i fjor kriseliknande tilstandar i næringa på grunn av hol i importregelverk og transportstreik midt i bærsesongen.

Dei fem mottaka i fylket har no bygd opp ein logistikk som gjer at stadig meir av produksjonen kan gå til konsum - altså som ferske kvalitetsbær ut til kundane.

Men framleis blir det store volumet levert til dei dominerande produsentane av syltetøy og saft. Mindre enn 200 av dei totalt 1300 tonn norske bringebær går i år til konsum.

— Det ideelle vil vere rundt 30 prosent, og vi er på veg dit. Da blir vi fleksible i forhold til kvalitet og pris, seier Takle til Bergebns Tidende. - Salet av ferske bringebær i butikkane har jo tatt heilt av, og er meir enn tredobla i høve fjoråret. Marknaden tar unna det vi leverer, og tilbakemeldingane er gode.

Det var i 1997 at Tale starta den målretta satsinga på konsumbringerbær, og han er glad for endeleg å kunne sjå resultat.

— Det er ein hyggeleg situasjon akkurat no, men det medfører også at fallhøgda er stor, påpeikar fylkesgartnaren.