– Eg har vore svineheldig, seier Falkevik frå sjukesenga på Førde sentralsjukehus.

Tallause rifter og kutt i det opphovna fjeset og ein diger bandasje på venstre handa fortel si historie om det som skjedde då uhellet var ute for den erfarne oppskytaren av fyrverkeri onsdag kveld. Når vågsøyværingen i går valde å gå ut og fortelje om det som skjedde, er det for å få folk til å tenkje tryggleik når millionar av rakettar skal frese mot nattehimmelen i timane rundt årsskiftet.

Small straks

Som så mange år før, skulle Falkevik onsdag kveld ha demonstrasjonsoppskyting av fyrverkeri for arbeidsgjevaren, Måløy Glassmagasin. I regnvêret hadde det samla seg mykje folk til oppskytinga på kaia ved Måløy Brygge. Det var då 48-åringen skulle tenne på ein type batteri dei ikkje hadde hatt inne før, at det gjekk gale.

– På denne typen batteri er det to lunter. Hovudlunta hadde blitt våt, og eg bestemte meg difor for å kveikje på reservelunta, fortel Falkevik som deretter ikkje hugsar heilt nøyaktig kva som skjedde.

I følgje vitne mellom publikum skal batteriet ha gått av omtrent samtidig med at Falkevik tende på. Eine kula i batteriet gjekk rett ut. Raketten har truleg først treft Falkevik i handa og deretter slått opp i fjeset, rett under høgre auge. Dei andre kulene i batteriet gjekk opp i lufta slik dei skulle.

– Eg kan ikkje minnast at eg tende på. Men eg hugsar det small veldig fort, og eg hadde ikkje sjanse til å kome meg unna. Eg skjønte straks at eg hadde fått det i fjeset, seier Falkevik.

Tok av vernebrillene

Vågsøyværingen var ved medvit heile tida. Kunnige folk mellom publikum tok hand om han rett etter smellen. Dei fekk kjølt ned handa og ansiktet før ambulanse kom til staden.

Falkevik hadde vernebriller, men brukte dei ikkje då han skulle tenne på batteriet som gjekk i lufta.

– Det var mørkt og vanskeleg å sjå med vernebrillene, så eg tok dei av då eg skulle kveikje reservelunta, fortel han.

Det angra han på i går. Likevel var det briller som etter alle solemerke har redda synet til 48-åringen. Falkevik brukar nemleg briller til vanleg, og dei har truleg teke av det aller verste.

– Ja, det er i alle fall det legane her på sjukehuset har sagt, seier han.

Først om eit par dagar vil det bli klart om han får varige skader på høgre auget.

– Eg ser ikkje klårt no. Men eg er optimistisk, og trur dette skal gå bra, seier han.

– Tenk tryggleik

No er han oppteken av at folk må bruke vit, når dei skal skyte opp rakettane nyttårsnatta.

– Folk må tenkje på at det skal vere sikkert. Bruk vernebriller, les rettleiingane som følgjer med pakkane og ver for all del edru, er dei viktigaste råda han kjem med.

Falkevik har alle dei kurs han skal ha, og dessutan årelang erfaring med å fyre av fyrverkeri. Likevel gjekk det altså gale.

– Folk må tenkje tryggleik før og når dei sender opp rakettane nyttårskvelden. Det som skjedde meg, viser at rakettoppskyting kan gå gale for kven som helst. Kjem eg frå dette utan mein, har eg hatt englevakt, seier vågsøyværingen.

- Eg kan ikkje minnast at eg tende på, seier Svein Ove Falkevik.
Apneseth Oddleiv
PASS PÅ: Fyrverkeri er vakkert, men det gjelder å være forsiktig.
Lillebø, Jan M.