Bridge over troubled water song Ingeborg Rovert, nyleg innflytta frå Nederland, og summerte dermed opp heile forhistorien til vegprosjektet Hardangerbrua.

Men no er visst Noregs mest omdiskuterte bru kome inn i smult farvatn, skal vi tru brubyggjarane.

— Hardangerbrua er «skinner», seier prosjektleiar Øyvind Søvik etter at den fyrste dynamittsalven small i Vallavik sist torsdag.

Anleggsstarten vart feira laurdag kveld i Eidfjord. Ekstrabussar kom frå Odda, Granvin, Ulvik og Maurset. 7-800 hardingar og innbedne gjester var samla i Eidfjordhallen då brufanfaren innleidde festkvelden klokka 18.

Mange feiringar

Og Eidfjord-ordførar Anved Johan Tveit lova dei frammøtte at det ikkje vart med dette. Dei ulike etappane i anlegget skal og feirast. Når brutårna er ferdige, og fyrste ferjefrie turen over fjorden, på catwalken når stålkablane er spent opp mellom tårna.

Og sjølvsagt bruopninga. Etter det som vart sagt kan Kongen alt no setja ein ring rundt juni 2013.

Forutan Eidfjord stilte også dei andre tre brukommunane, Ullensvang, Granvin og Ulvik opp med sine kulturinnslag. Det starta lyrisk med vakker song av Maria Digranes. Deretter vart det meir og meir takt og sving med fele og trekkspel frå Granvin og Ulvik.

Vegsjefar på kanten

Dansebandgruppa Ole Ivars varma og den talrike forsamlinga med tre av sine mest kjende låtar. Dei spelte til dans seinare på kvelden, etter at finkulturen hadde gjort sitt.

Då kulturprogramet skulle avsluttast, måtte både regionvegsjef Olav Ellevset og gamle-vegsjefen Josef Martinsen til pers fremst på scenekanten. Saman med bunadskvinnene frå stortingsreisa i 1996 framførde dei nydikta Song til Har-dangerbrua.:

— Me bur i Hardanger og her vil med bu / Stortinget sa – eit rungande JA..

Jondalstunnelen neste

Også Jondal-ordførar Sigrid Brattabø Handegard var mellom dei innbedne gjestene. Ho må sjå på at arbeidet med Hardangerbrua kjem i gang før spreng-inga av Jondalstunnelen.

— Men no er det berre nokre formalitetar som står att før anbodsinnbydinga kan sendast ut. Det handlar om utsleppsløy-ve, og Terje Aasen hjå fylkesmannen har sagt til oss at dette skal gå greitt, seier Sigrid Brattabø Handegard til bt.no.

Sterk i trua

Josef Martinsen var vegsjef då Stor-tinget sa nei til Hardangerbrua i juni 1996. Då han gjekk av som vegsjef 1. januar 2000 var det framleis uvisst om brua ville få ein ny sjanse.

— Men eg har aldri slutta å tru at vi ville koma dit vi er i dag. Eit godt prosjekt let seg ikkje stoppa.

DRAUMEN: Hardangerbrua var, og er, gamlevegsjef Josef Martinsen sin store draum. No gled han seg over å sjå at draumen går i oppfylling. Her er Martinsen i prat med styreleiaren i Hardangerbrua AS, Einar Lutro.
John Lindebotten
LENGT (etter bru?) - Kanskje må det gå både vinter og vår, song Maria Digranes.
John Lindebotten
VELKOMEN: Ordførarane brukommunane stilte opp og handhelste på kvar og ein som kom til kulturkvelden. Frå v. Jan Ivar Rødland, Granvin: Mona Hellesnes, Ulvik: Solfrid Borge, Ul-lensvang og Anveg Johan Tveit, Eidfjord.
John Lindebotten