Det radioaktive avfallet utgjorde over 2000 tønner. Avfallet på tønnene kom frå opphogginga av lastebøya Brent Spar.

Dette kjem fram i ein dokumentar i NRK Brennpunkt som blir sendt i kveld.

Merka radioaktivt

Tilsette ved avfallsmottaket i Gulen fortel til Brennpunkt at tønnene var merka med symbolet for radioaktivitet. Likevel skal dei ha fått beskjed om at innhaldet ikkje var farleg.

– Vi skulle brenne dette som ordinært farleg avfall, og det blei aldri sagt at vi skulle ta nokre forhandsreglar, seier Inge Håkon Sleire til Brennpunkt. Han arbeidde ved bedrifta.

Inn i omnen

Avfallet skulle bli blanda ut med anna avfall før brenning. Men blandinga vart ikkje nøyaktig. I tillegg gjekk omnen ofte tett. Då måtte dei tilsette inn i omnen for å reinske ut.

–Vi fekk avfallet på kleda og pusta inn støv og syregassar frå omnen. Den var så gammal at det lakk røyk ut overalt, seier Sleire og hans dåverande kollega Rolf Hagen til NRK.

Arbeidsgjevaren Wergeland-Halsvik tilbakeviser at det skal ha vore fare for dei tilsette.

– Arbeidarane blei aldri eksponert for støv, seier dagleg leiar ved Wergeland-Halsvik, Lars Hellandsjø til NRK.

– Mangla kontroll

I januar melde BT at Statens forureiningstilsyn (SFT) gav strykkarakter til avfallsmottaket.

Mangelfull kontroll, vedlikehald og dårleg styring av handsaminga av farleg avfall, var blant karakteristikkane SFT gav.

– Vi meiner det er klart at Wergeland-Halsvik ikkje har godt nok kontroll, og det er alvorleg. Dette er ein av dei største aktørane i bransjen, sa seksjonssjef i tilsynsavdelinga i SFT, Bjørn Bjørnstad i januar.

Wergeland-Halsvik er nabobedrifta til det gamle Vest Tank, tankanlegget der to tankar eksploderte i mai 2007.

Forskingsprosjekt

Brenninga av det radioaktive avfallet var ein del av eit forskingsprosjekt.

Forskarar frå Institutt for energiteknikk skulle kontrollere at det ikkje var strålefare. Men ifølgje arbeidarane, var oppfølginga dårleg. Forskarane skal blant anna ikkje ha sjekka om avfallet blei blanda ut riktig. Ifølgje NRK skal dei heller ikkje ha kontrollert at alt blei brent opp.

Tvert om konkluderte forskarane etter seks veker at avfallet var destruert og forsøket vellykka.

MANGLA KONTROLL: Avfallsmottaket Wergeland-Halsvik er eit av dei største mottaka for farleg avfall i landet. SFT melde i januar at bedrifta hadde manglande kontroll med handsaminga av avfallet. Dagleg leiar i selskapet, Lars Hellandsjø, meinte forureiningstilsynet overdreiv. ARKIVFOTO: ANNIKEN MJAALAND