Sola skein og støvskyene stod høgt på Hordvik grusbane tysdag 3. juni då Tertnes 99 Blå spelte bortekamp mot Bergen Nord Snapp. Med godt over 25 grader i lufta kom det til å bli to varme 20-minutts omgangar for niåringane som hadde tatt oppstilling denne ettermiddagen. Laga hadde ikkje møtt kvarandre tidlegare, så styrkeforholdet mellom laga var det ingen som visste noko om. Dei rundt 20 frammøtte tilskodarane stod på sidelinja og gjorde sitt for å halde stemninga høg under heile kampen.

I fyrste omgang tok det litt tid før dei store sjansane vart skapt, men etter dryge 13 minutt klarte Fabian Williams Hovda, med #2 på trøya, å lure ballen forbi keeper og inn i mål. Rett etterpå kom også #30 Magnus Skjelvan til og hadde ei stor sjanse, men kom litt for langt bakpå og sendte ballen høgt over mål. Det skulle derimot ikkje ta mange minutta før Bergen Nord Snapp klarte å svare på tiltale, og etter godt arbeid utjamna #11 Even Nordeide fem minutt før slutt av fyrste omgang.

Ein teknisk perle

Dette gjorde at laga stilte likt i byrjinga av andre omgang, og det var tydeleg at den trykkjande varmen byrja å gjere seg gjeldande for spelarane – tempoet var litt lågare enn i fyrste omgang. I sjette minutt byrja Tertnes eit veggspel på eigen banehalvdel, og klarte med imponerande teknikk å spele seg gjennom forsvaret til Bergen Nord Snapp, og målmannen deira måtte sjå at #2 Fabian Williams Hovda plasserte ballen i mål nok ein gong. Utan tvil kampens tekniske perle, og jubelen stod høgt på sidelinja.

Tretten minutt ute i andre omgang punkterte Henrik Tangedahl Lerøen på Tertnes 99 Blå kampen med å kjempe seg gjennom to av Bergen Nord Snapp sine forsvarsspelarar, og auka leiinga til 1-3.

Revansje?

1-3 vart også sluttresultatet på kampen, der begge lag fekk vist fram ferdighetane sine. Etter å ha takka for kampen heiv spelarane seg over drikkeflaskene etter god innsats på Hordvik grusbane, som viste seg frå si litt ekstra støvete side denne tysdagen.

Bortelaget Tertnes 99 Blå trekte nok vel fortent det lengste strået i denne kampen, så vil tida vise om Bergen Nord Snapp kan klare å ta revansje på bortebane 9. oktober på Åstveit Idrettspark. Kampviljen bør det i alle fall ikkje mangle på, då dei tydeleg viste gode ferdighetar både i forsvar og angrep.

#28 Arild Grimstveit på Tertnes 99 Blå avverger skummelt innspel av Bergen Nord Snapp frå sidelinja.
Jakob Breivik Grimstveit
Henrik Tangedahl Lerøen legg på til 1-3 etter å kjempa seg gjennom heile forsvaret til motstandarden.
Jakob Breivik Grimstveit
Det var tungt å spele i varmen, men innsatsen var svært god av begge lag.
Jakob Breivik Grimstveit
Kampen er over, og laga takkar for kampen.
Jakob Breivik Grimstveit
Tertnes 99 Blå var godt nøgde med seier på bortebane.
Jakob Breivik Grimstveit