Folket gav kontant svar på Helse Vest sine framlegg om reduksjonar i sjukehustilbodet på Voss og dei to nabosjukehusa i Odda og Lærdal.

— Nei!! lydde det unisont då overjordmor Inger Sigh Petersen spurde på klingane dansk om det er slik vi vil ha det i Velstands-Noreg.

— Dette er ikkje flate Danmark med korte avstandar mellom sjukehusa. Dette er Vestlandet, minna ho om.

Intiativtakaren til gårsdagens demonstrasjon og imponerande fakkeltog, Tove Velure, opplevde sjølv at kort avstand mellom heime og sjukehus redda liv i haust. Ein transport til Bergen ville ha kosta sonen hennar, og kanskje henne sjølv, livet.

Ho stiller seg uforståande til at enda meir skal sentraliserast til Bergen, der køene er lange nok frå før.

I appellen sin på Tinghusplassen viste ho til meldingar i Bergens Tidende om alvorleg sjuke som må venta på tur i timesvis.

Ordførar Bjørn Christensen hadde heller ikkje forståing for flytting av aktivitetar bort frå sjukehuset som driv billegast og best i regionen, når siktemålet skal vera å spara pengar. Han målbar Voss kommunestyre si samrøystes fordøming av Helse Vest sitt framlegg og tankegangen bak.

Han fekk støtte av Granvin-ordførar Olav Seim, som fortalde det fakkelberande folkehavet om Hardangerrådet sin reaksjon på nedskjeringar i Odda og på Voss etter eitt år med Staten som sjukehuseigar. Det skulle jo verta så mykje betre! Også ordførar John Olav Heggseth i Ulvik tok turen til iskalde Voss i går for å visa at regionen held saman.

Martha Frønsdal framførde ein protest frå lokallaget av Kvinne- og Familieforbundet.

For Tove Velure var det neppe lystig å vakna til meir enn 20 kuldegrader i går. Ville folk stilla på utandørsaksjonen hennar i så streng kulde?

Utover dagen steig temperaturen til 13-14 kuldegrader. Vossingane strøymde ut av stovevarmen og stilte i årets første helsekø; der faklane var til sals. Med den brennande entusiasmen for sjukehuset, hadde det nok blitt stort oppmøte sjølv med langt fleire kuldegrader.

BRENNANDE ENGASJEMENT: Over tusen vossingar og hardingar slo i går ring rundt Voss sjukehus med brennande faklar i beinkulden i går.<p/>Foto: RUNE SÆVIG