I dag overrekker Sparebank 1 Vest ein gåvesjekk på 250.000 som startkapital til klimautstillinga i Fjærland.

Direktør Nils Paulsen ved Norsk Bremuseum seier til Bergens Tidende at utstillinga vil omfatte klimaet på verdensbasis, ikkje berre i Norge.

Paulsen trur at klimautstillinga vil bli endå ein magnet som trekker folk til Fjærland. I dag er dei to magnetane i museet vandringa under den kunstige breen og den vakre brefilmen.

Professor Olav Orheim ved Universitetet i Bergen seier det er fornuftig av Bremusseet å profilere seg også på klima.

— Klimautfordringane i dag er både menneskeskapte og naturlege, seier Orheim.