Men det skal ikkje ta bort glansen frå det arbeidet som entreprenøren Selmer-Skanska har gjort sidan august i fjor med ny veg forbi Holmefjord. I dag klipper fylkesordførar Gisle Handeland snora for 4,3 kilometer ny veg som svingar seg høgt og fritt over gamlevegen mellom Holmefjord og Ådland.

Og i Holmefjord vil ingen sakna gjennomgangstrafikken på gamlevegen. Ikkje eingong Holmefjord Daglegvarer, som ligg tett i vegen.

— Det gjer oss ingen ting at hovudvegen vert lagt om. Vi har nesten ingen omsetnad frå trafikken. Derimot kjem vi til å sakna anleggsfolka litt. Dei handlar ein god del hjå oss, seier Ingunn Heggland, som driv butikken saman med mannen, Arild.

Lat att glaset

Med den vegbiten som alt har lege der i mange år med gul stripe, er det no ikkje stort meir enn to tunnelar att i kvar ende før Rv. 48 Tysse-Eikelandsosen er ein naturleg del av eit indre, og i framtida ferjefritt, samband mellom Bergen/Midthordland og Sunnhordland.

Det verste står att på Tysse, kommunesenteret i Samnanger, der folk ikkje kan opna glaset av redsle for at ein stor bil kjem forbi og riv det med seg. Og med den nye vegstrekninga som opnar i dag, er det otte for at trafikken mellom husveggane på Tysse kan verta endå større.

Vil utvikla sentrum

— Vi er sjølvsagt glade for den nye vegen, men no vonar vi det vert sett fart i arbeidet med ny veg også forbi Tysse. Trafikken har vore ei plage for oss lenge nok. I kommunen har vi planar om å utvikla Tysse sentrum med miljøvenleg gjennomkøyring, restaurering av gamle hus og opprusting av kaifronten. Men så lenge riksveg 48 går gjennom sentrum, er det vanskeleg å få noko til, seier ordførar Marit Aase i Samnanger til Bergens Tidende.

Ein reguleringsplan for tunnel utanom sentrum har lege ferdig i to-tre år alt. Planen inneheld 5,7 kilometer ny veg, som inkluderer ein 2,3 kilometer lang tunnel. Tunnelen vil koma ut ved elva ovanfor Tysse sentrum, og knyta seg på vegen fram til Hagaåstunnelen på Rv. 7. Prisen er ca. 150 millionar kroner, men så langt står omkjøringa ikkje på noko vegplan.

— Men vi vil kjempa for at vegen kjem inn på Nasjonal Transportplan frå 2006, seier Marit Aase.

Ingen Onkel Skrue

Ho misunner litt sin kollega i sør, Fusa-ordførar Asbjørn Heidal, som har både kraftpengar, betalingsvillige grannekommunar og ein rik velgjerar å ty til for nye veganlegg. Den nye vegbiten frå Holmefjord til Ådland er finansiert med forskotterte midlar frå Fusa kraftlag, Kvinnherad kommune og Frank Mohn.

— Diverre har vi ingen Onkel Skrue i kommunen vår som kan vera med og dra lasset, sukkar Marit Aase. Safa, sokkefabrikken, er hjørnesteinsbedrifta på Tysse, men det er ingen pengebinge som kan nyttast til eit kvart godt føremål. Marit Aase gler seg likevel over at bedrifta sikrar mange arbeidsplassar, og at dei for tida arbeider med ein kjempeordre på varme sokkar til det canadiske forsvaret.

Brukar pengane omatt

Ole Chr. Torpp, tidlegare vegsjef i Hordaland, har sagt til BT at Rv. 48 og 49 gjennom Samnanger, Fusa, Kvam og Tysnes ville vera eit viktig samband for ferjefri trafikk mellom Bergen og Sunnhordland/Stavanger. Torpp vil vera til stades på opninga i dag, men han uttalar seg ikkje om politikk før han sit i stillinga som regionvegsjef for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland frå 1. januar. Men etter det BT forstår, er det all grunn til å rekna med at regionvegsjefen vil arbeida for å få tunnelen forbi Tysse på plankartet så fort som råd.

I andre enden, mot Eikelandsosen, kan det gå snøggare.

— Vi hadde rekna med 97 millionar kroner til den nye vegen. No når vi er ferdige, har vi 15 millionar kroner att. Dei vil vi nytta til å utbetra meir av den gamle vegen mot Eikelandsosen, seier byggjeleiar Rolf Harkestad frå Statens vegvesen.

Deretter står det att ein tunnel på 1,7 kilometer ned mot Eikelandsfjorden. Vegvesenet arbeider med reguleringsplanen, som Fusa-ordførar Asbjørn Heidal vonar planen er ferdig til bruk om eit års tid.

— Og pengane?

— Det er snakk om rundt 60 millionar kroner. Og eg har god von om at dei pengane som er forskotterte til Holmefjordparsellen kan nyttast til den siste tunnelen når pengane kjem attende frå staten. Vi ventar 10,5 millionar kroner attende alt i 2004, seier Asbjørn Heidal.

HØGT OG FRITT: Nyvegen mellom Holmefjord og Ådland i Fusa er lagt i lia ovanfor gamlevegen, med utsyn mot Bogøy og Samnangerfjorden. Nedanfor ligg Holmefjord-bygda med daglegvarebutikken.