Etter sjukehusreforma er det liten vits med fakkeltog og press mot lokal— og fylkespolitikarar. No ropar legar og jordmødre, sjukepleiarar og industriarbeidarar på Stord ut protesten så høgt dei kan i lag i håp om at maktpersonane i Oslo kan høyra det.

— Vi var for sjukehusreformen. Men det var fordi vi ville ha eit betre helsetilbod. Årsaka til situasjonen Helse-Noreg er komen i, er eit undertilskot frå regjeringa si side, seier leiaren i LO Sunnhordland, Erland Bakken.

Måndag var det felles pressekonferanse på Stord mot Helse Vests nedskjeringsframlegg, med representantar for LO, Kommuneforbundet, Fellesforbundet, Legeforeningen, Helse- og sosialforbundet, Sykepleierforbundet og Jordmorforeningen.

— Helse Vest-planen er dramatisk for Sunnhordland. Bortfall av akuttberedskap kan bli første steg på veg mot nedlegging av Stord sjukehus, meiner leiar i Norsk Kommuneforbund Stord, Per Jarle Valvatne.

— Når Helse Vest opererer med 50 minuttars utrykkingstid mellom Haugesund og Stord, ser dei bort frå at flesteparten av Stord sjukehus sine brukarar er frå Fitjar, Bømlo, Kvinnherad og Tysnes, seier Valvatne.

— Skal ein gå i fakkeltog no, må det skje i hovudoppgangen til helseminister Dagfinn Høybråten. Makta i Helse-Noreg er flytta inn i dei lukka rom. Det avslører ein viktig veikskap ved sjukehusreformen, seier Bård Lilleeng, representamt for dei yngre legane i Den norske legeforening ved Stord sjukehus.

Med kirurgisk akuttberedskap og fødeavdeling avvikla til fordel for ei sentralisering mot Haugesund sjukehus, kan 200 av 400 arbeidsplassar ved Stord sjukehus stå i fare. Både jordmødre, sjukepleiarar, hjelpepleiarar og legar er uroa over at eit redusert medisinsk miljø vil ramma rekrutteringa til alle yrkeskategoriane.