— Vi kjem nok til å starte breføring i Bødalen også til våren. Men kor lenge vi kan drive på neste sommar, er uvisst. Held breen fram med å trekkje seg tilbake i same fart som no, kan det bli slutt eit stykke ut i sesongen, seier Frode Briksdal i Briksdal Breføring.

Sidan tusenårsskiftet har fronten på Bødalsbreen trekt seg tilbake heile 287 meter. Smeltinga har gått spesielt fort dei siste åra.

Store steinar

— Eg var ein tur opp i sommar. Det er heilt utruleg å sjå kor mykje breen har minka. Og ikkje minst kor fort det har gått, seier Eivind Skjerven.

Pensjonisten på 74 år var ein av pionerane for guiding av større grupper på Jostedalsbreen. Bødalsbreen er eit av dei tradisjonsrike brefalla for opplæring og kursing av breførarar og guiding av turistar. Alt på 1960-talet var Bødalssetra og -breen utgangspunkt for å utdanne førarar og lære folk å ta seg fram på isbreen. Eivind Skjerven kom med i dette arbeidet på 1970-talet. Då spurnaden etter guiding frå turistar auka på 1980-talet, starta han eige breføringsfirma. Frå rundt 1990 dreiv Skjerven i sommarhalvåret med føring på kommersiell basis.

— Det er ikkje berre at det har blitt tungt å kome seg opp på breen. I området inn mot fronten har breen lagt att store steinar som folk må klatre over, seier 74-åringen.

Fjord og fjell

To av dei som har gått inn til breen er Maartje og Henk Hessen. Vi møter turistane frå Nederland i det dei kjem tilbake til Bødalssetra etter å ha vandra stien inn til breen. Ekteparet har vore på noregsferie fleire gonger før, men det er første gongen dei er i denne delen av landet.

— Ein fin tur, seier dei, tek seg ein kvil og strekkjer beina ved stølsområdet før dei skal gå siste stykket til parkeringsplassen.

Dei har lese om at dei norske breane minkar, og har no sjølv sett berga som ligg nakne att der breen har trekt seg tilbake. Dei tykkjer utviklinga er trasig, men tvilar på om vil ha så stor innverknad på turisttrafikken til landet som reiselivsnæringa og andre fryktar.

— Vi trur dei som dreg til Norge tek turen på grunn av fjordane og fjella, ikkje først og fremst på grunn av breane.

Brenndalsbreen

Briksdal breføring starta med føring på Briksdalsbreen, men då den trekte seg tilbake flytta dei mykje av aktiviteten til Bødalen. Dei siste åra har breførarlaget hatt tilbod om familieturar på fem-seks timar både på Bødalsbreen og på Brenndalsbreen i Oldedalen.

— Dersom vi må gje oss i Bødalen, kjem vil til å flytte alle breføringsaktivitetane til Brenndalsbreen. Det vil difor vere tilbod om breføring for reisande som kjem til indre Nordfjord også dei komande åra. Vi reknar vi med å kunne drive i Brenndalen ein god del år enno, seier Frode Briksdal.

Vatn

Han peikar på at nokre nedbørsrike vintrar med store snømengder i høgda fort kan gje ny brevekst. Men vedgår at reiselivsnæringa i området ser seg om etter nye opplevingar dei kan tilby.

— Breen har vore lett å selje. No er vi nøydde til å tenkje alternativt, og vere vakne for nye aktivitetar for å trekkje folk til dette området.

— Kva kan det vere?

— Vi har tenkt meir i retning vatn. Kanskje ser vi oss litt blinde på fossefalla våre her i landet? For europearar som kjem frå område der elvane oftast renn stille og breie, er fossane våre ei stor oppleving.

TUR TIL BREEN: Maartje og Henk Hessen passerer Bødalssetra på veg tilbake frå tur inn til breen. Dei trur fjord og fjell lokkar fleire turistar til landet enn isbreane.