Det er fjerde året på rad at breane går tilbake. Likevel er fjoråret svært spesielt.

— Det er heilt uvanleg med ei så stor tilbakesmelting over eitt år. Største tilbakesmeltinga som var registrert før fjoråret var i 1948. Då trekte Briksdalsbreen seg tilbake 84 meter, seier breforskar Atle Nesje.

Professoren ved Universitetet i Bergen seier det er kombinasjonen av varme somrar og nedbørsfattige vintrar dei siste åra som har ført til den kraftige tilbakegangen. Dei varme sommarmånadene smeltar meir enn den snøen som fall om vinteren. Dermed går breane tilbake.

Både i volum og lengde

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) måler isbrear over heile landet. Dei aller fleste breane minka både i volum og lengde i 2004. For fleire brear har tilbakegangen aldri vore større sidan målingane tok til for 105 år sidan. I tillegg til Briksdalsbreen i Stryn har også Buerbreen, ein austleg utløpar frå Folgefonna, trekt seg tilbake kring 100 meter.

— Sidan 1992 har NVE målt tjukna på enkelte brear, mellom dei Nigardsbreen i Jostedalen. Totalt har breen lagt på seg kring 20 meter på desse åra. Men målingane viser at utviklinga no har snudd. Dei siste åra har isen på breplatået blitt tynnare, seier Nesje.

— Kan breane rett og slett forsvinne?

— Ein del av desse svingingane er naturlege. Det vi er uroa for er at ein del aktivitet knytt til breane kan bli skadelidande, mellom dei breføring. Når brearmane trekkjer seg tilbake, blir dei brattare. Det gjer det vanskelegare å drive breføring, og arealet det går an å føre på blir mindre.

Turistattraksjonar

Ei slik utvikling kan fort bli alvorleg for fleire lokalsamfunn. Mange brearmar er store turistattraksjonar, og det er utvikla ein næringsaktivitet som i alle fall lokalt er svært viktig.

Briksdalsbreen inst i Oldedalen i Stryn er eitt døme på dette. Den mest berømte norske breen er også mellom dei mest besøkte turistmåla i landet. Etter å ha vakse kraftig først på 90-talet, stoppa det opp mot slutten av tiåret. Sidan 1999 har Briksdalsbreen trekt seg tilbake 176 meter. Meir enn halvparten av dette var altså i fjor.

— I vinter er det kring dobbelt så mykje snø som normalt. Dei store snømengdene vil gjere at breane stabiliserer seg, vel å merke dersom vi får ein sommar med tilnærma normaltemperatur. Men framleis må vi rekne med ei viss tilbakesmelting ein del år. Årets store snømengder kan først gje utslag i vekst i dei korte breane om tre-fire år. På dei store og lange breane, som Jostedalsbreen, tek det lenger tid, forklarar Nesje.

Global oppvarming

Global oppvarming har ført til at dei aller fleste brear i verda har gått sterkt tilbake dei siste hundre åra. Isbreane har reagert på varmare vêrlag med å minke.

Dei kystnære norske breane har på mange vis vore unntaket. Store nedbørsmengder har gitt snørike vintrar i fjella, og avsmeltinga i sommarhalvåret har vore mindre enn tilveksten. Dermed har dei norske breane kunne vekse.

NVE meiner at tendensen dei siste fire åra kan tyde på at norske brear er på veg mot ein trend som er i takt med utviklinga i resten av verda.