— Eg sovna bak rattet, seier den 26 år gamle gjestearbeidaren på Stord til Bergens Tidende som forklaring på det utrulege biluhellet i den berykta Uføro like sør for Jektevik på Stord i natt.

Fjellet under E 39 går her loddrett ned i sjøen, også langs det 30 meter lange partiet der finnen sin kassebil skrensa med to hjul på utsida av muren. Den kvite Toyota Hiace varebilen blei til sist ståande på vippen med 15-20 meter rekkverk trykt inn i førar- og varerommet

Den 26-årige sjåføren kunne krabba ut ved eiga hjelp, med skade i ein arm og skrubbsår fleire stader på kroppen.

— Ja, eg var heldig, seier 26-åringen, som i det siste har arbeidd som isolatør ved Aker Stord. Etter ulukka om lag klokka 2.45 natt til onsdag spaserte finnen eit godt stykke langs vegen før han blei plukka opp av ambulansebilen.

Det blei teke blodprøve av mannen. Der vil det nokså sikkert bli funne spor av alkohol, meiner han. Men det er fordi han drakk sprit etter ulukka. Hevdar 26-åringen overfor Bergens Tidende.

I kveld blei han utskriven frå Stord sjukehus, iført berre slåbrok. Han ønskjer ikkje å stå fram i avisa. Finnen kan ikkje arbeida med dei skadane han har fått i armen, og bur seg på å dra heim til Finland. Men først må han gjennom avhøyr ved Stord lensmannskontor.

26-åringen seier at han tok seg ein biltur åleine berre for moro skuld i går natt. Farten meiner han var rundt 70 km/t då han sovna bak rattet på veg sørover E 39 ved Jektevik.