Telefonen fann tjuvane på vaktrommet ved svømmehallen, og derfrå har tjuvane ringt telesex-tenesta Hot Line og altså halde det gåande i nærare eit heilt døgn.

Ifølgje avisa Firda ønskjer ikkje rektor Helge Følid å kommentere saka, ut over at han stadfestar det som har skjedd og fortel at rekninga truleg vil bli ettergitt.

Politiet etterforskar saka, og skal ha fått inn fleire tips om dei ringekåte innbrytarane.