— Det blir surt å missa haldeplassen vår. Eg steig av her seinast i går, på veg heim frå Bergen, seier Johan B. Kvåle i Raundalen. Han bur like over Øyeflaten haldeplass, i lia ovanfor Raundalen kyrkje.

Kvåle innser at Øyeflaten kan stå lagleg til for hogg, med plattform på 45 meter i svak kurve, og fåe togpassasjerar.

— Utan togstopp blir det mykje styr med organisering bilskyss frå Voss eller Urdland. Det går ein buss kvar tysdag, og den går nede på fylkesvegen i dalbotnen. Dessutan vart det sett opp skulebuss då Raundalen skule vart nedlagt, og elevane overført til Kløve, seier Kvåle.

Heller fleire stopp

- NSB seier at det blir feil å bruka lokaltogsett til titals millionar kroner, når rette transportmiddelet er sykkel og drosje. Kva synest du om det?

— Det blir ikkje feil når toget går forbi likevel. Lokaltoga har ikkje hastverk på denne strekninga.

— Vi treng fleire togstopp, ikkje færre, seier Christiane Lid, næraste nabo til togstoppen.

Ho synest ikkje det er heilt bra at dei to skuleborna i huset må gå ned bakkane til busshaldeplassen ved fylkesvegen, når skuletoget for vidaregåande faktisk stoppar rett attmed huset deira. Ho likar ikkje at borna forsvinn ut av syne i vinterkul-den, i staden for å opphalda seg i lys og varme på Øyeflaten haldeplass. Venterommet er rett nok ei gammal arbeidsbrakke utan hjul, men godt tenleg.

— Eg mislikar situasjonen, men har ikkje tenkt å laga bråk om det, av omsyn til andre familiar i grenda. For dei er det greiare med buss, seier Lid.

Usikkert for mange

Jernbanetilsynet har i realiteten vendt tommelen ned for togstoppa aust for Arna. Tryggleiksmessig held ikkje plattformene mål. Voss skal påkostast 100 millionar kroner, og reguleringsplanar er i arbeid for nye plattformer på Vaksdal og Stanghelle.

— Tilsynet har knesett to prinsipp. Plattformene skal vera like lange som dei toga som skal stoppa, og dei skal vera beine. På den svingete Vossebanen og i Raundalen er dette problematisk. Dessutan vil trafikktal telja med i prosessen vi no har sett i gang, seier Lars Chr. Stendal i Jernbaneverket.

Har gått bra til no

Han meiner at plattformer som svingar, representerer den største faren.

Jernbanevogner er beine. Dermed kan det bli farleg stor avstand mellom plattform og dør eller stigbrett.

— Eg er redd vi får store utfordringar på Myrdal, spår Stendal.

— Men korte plattformer har fungert godt i hundre år, så lenge dei aktuelle passasjerar held seg i fremste vogna?

— Det blir kanskje eit av argumenta vi må bruka for å få Tilsynet med på smidige løysingar. Ordningar som ikkje opnar alle dørene i toget, er også aktuelle, seier Stendal.

Jernbanetilsynet har påpeika faren for å stiga av toget utanfor plattforma, særleg når det er snø på bakken, og vimsete ungdom har musikk på øyret.

Sei meininga di om togtilbodet på Vossabana i kommentarfeltet under!

FEIL FOKUS: Plattforma på Gjerdåker haldeplass ved Palmafossen er berre ca. 35 meter lang, halvparten gjengrodd, men det var plankryssinga som førde til dødsulykke på 80-talet. FOTO: ARNE HOFSETH