ARNE HOFSETH

— Når nauda er størst, lyt hjelpa vera nærast, seier Aurland-ordførar Olav Ellingsen til avisa Hordaland.

Akuttmottaket ved Voss sjukehus har registert rundt ti akuttpasientar frå kommunane Aurland, Lærdal og Årdal sidan årsskiftet. Direktør Rolf Abrahamsen ser på dette som ein «lekkasje» i høve til den eigentlege planen om å senda pasientane frå dette området av Indre Sogn til sjukehuset i Førde. Voss har tilsvarande lekkasje til Bergen (Haukeland sjukehus) frå vestlege deler av Kvam og Vaksdal.

På kirurgisk avdeling stiller ein seg positive til å innlemma dei «landfaste» delene av Indre Sogn i Voss sjukehusområde. Det vil styrka akuttfunksjonen ved sjukehuset på Voss. Skulle det knipa på kapasiteten, er ein villig til å prioritera bort planlagde operasjonar.

Lærdal betre enn ryktet

— Pasientar har den siste tida uturvande vorte sende til Voss. Dei kunne vore tekne hand om i Lærdal, seier informasjonsrådgjevar Arild Nybø ved Helse Førde til Bergens Tidende.

Han har merka seg at eit ordinært beinbrot er sendt til Voss, sannsynlegvis fordi legen har trudd at sjukehuset i Lærdal ikkje lenger kan ta imot slike pasientar etter vanleg arbeidstid.

— Det har vore fokusert så kraftig på reduksjonane i tilbodet i Lærdal at folk flest ikkje har fått med seg kva som faktisk er att. Lærdal har framleis eit tilbod, og det er større enn mange er klar over, seier Nybø.

Når Lærdal kunne ha gjort jobben, meiner han det må vera ein stor ulempe for pasienten å bli sendt til Voss. I andre tilfelle kan det henda at Voss ikkje har kompetansen som trengst, og det ville vore meir fornuftig å senda pasienten til det langt større sjukehuset i Førde, noko som også er i samsvar med retningslinene. Likevel innser han at det i nokre tilfelle er fornuftig med transport til Voss.

— Kan det verta aktuelt å endra grensene slik at dei aktuelle kommunene kjem inn under Voss sjukehusområde?

— Det trur eg er vanskeleg slik helseføretaka er strukturert. Her er det snakk om å utvida Helse Bergen på kostnad av Helse Førde. Det kan ikkje avgjerast lokalt, kanskje i Helse Vest, men eg ser ikkje bort frå at Regjering og Storting vil ha eit ord med i laget. Dette har mellom anna med økonomi å gjera, seier Nybø.

Velkomne til Voss

Sjukehusdirektør Rolf Abrahamsen på Voss ser gjerne at indresogningane formelt blir med i Voss sjukehusområde, og han inkluderer gjerne Vik kommune, som i praksis har sokna til Voss lenge, i den grad Vikafjellsvegen er open. Får sjukehuset mange pasientar frå dette distriktet, er det ein fordel at kommunane bli representert i sjukehusområdet sitt samarbeidsutval med fem underutval.

— Men Voss sjukehus har ikkje tenkt å ta noko initiativ. Det må koma frå folk som bur i området, om dei ynskjer det, seier Abrahamsen.