I Haugesund og Karmøy brann det 85 stader nyttårsnatta. Berre flaks gjorde at hus ikkje gjekk tapt. Brannmenn som hadde fri fekk ordre om å droppa finskjorta.

— I Haugesund og på Karmøy var alt av mannskap ute. Mellom 1300 og 1400 av telefonane til 110 var meldingar om brann. Mange kom ikkje gjennom, fortel brannsjef i Haugesund, Bjarne Grimstvedt.

I går oppmoda han til rakettforbod saman med brannsjefen på Karmøy. Dei får støtte frå Stord brannvesen som måtte rykka ut til seks gras- og lyngbrannar og ein naustbrann nyttårsnatta.

— Eg vil gjerne at kommunen har eit felles opplegg i Leirvik sentrum med utskyting over sjøen. Det var eit fantastisk syn, då me hadde slikt ved inngangen til 2000, seier brannsjef Børge Presthaug.

— Me må nok ta ein diskusjon på dette som følgje av årets nyttårsbrannar, seier kommunalsjef Atle Bjørn Mæhle i Stord kommune.

I Haugesund varslar ordførar Petter Steen jr. politisk debatt etter brannmaratonet.

— Det var ein frykteleg farleg situasjon i Haugesund ved nyttår. No fekk me ein smak av skikkeleg vestlandsk barfrostvinter. Me kan berre prisa oss lukkeleg for at salstida for rakettar var innskrenka i år, slik at det ikkje blei slik gjennom heile romjula.

Også på Bømlo gjekk det heitt for seg. Fredag kveld og nyttårskvelden brann det heile sju stader som følgje av fyrverkeri.

— Eg er einig i eit rakettforbod. Etter at rakettane er seld ut har me inga kontroll med dei, seier Øystein Fonnes, brannsjef på Bømlo.

Han tek til orde for offentleg eller meir samordna oppskyting. Det same gjer brannsjefen på Tysnes.

— Rim og kulde gjorde at me på Tysnes slapp billeg unna. Eg stiller meg positiv til eit forbod. Det er galskap, når du ser kva som kan skje. Det er betre med ei felles oppskyting i kvar kommune, seier brannsjef Carl Othar Olsen.