Ein sein fredagskveld i februar i år gjekk 17-åringen og ein kamerat ned i garasje-anlegget under forretninga Coop i Høyanger. Der lånte han kameratens lighter og sette fyr på innhaldet i ein av ei rekke søppeldunkar som stod oppstilt.

Kravde 1,4 mill i erstatning

Han såg at det tok godt fyr, og forlot staden utan å varsle.

Foreløpig har forsikringsselskapet betalt ut 1,4 millionar kroner etter brannen som oppstod, og dette beløpet kravde dei tilbake under rettsaka mot 17-åringen.

Men retten konkluderte med at forsikringsselskapet må nøye seg med mindre enn 300.000 kroner frå gjerningsmannen.

17-åringen vart også dømt for bultjuveri og skadeverk ved ei bilforretning i Bergen. Denne gongen var ein kompis for ein barnevernsintitusjon dei hadde rømt frå med på notane.

Fjordane tingrett fann 17-åringen skuldig i både brannstifting, bilbrukstjuveri, skadeverk og drapstrugsmål mot ein barneverntilsett — handlingar som normalt kvalifiserer til ei solid ubetinga fengsel-straff. I retten forklarte 17-ringen at han kjente seg pressa av kamerarten til å sette fyr på avfallet i garasjeanlegget, utan at retten festa lit til dette.

Slepp å sone i fengsel

Men retten meiner at han til ein viss grad har lete seg leie av andre i dei straffbare gjerningane. Vidare heiter det i dommen at samfunnstraff normalt ville vere utelukka i ei så alvorleg sak, men at det ligg føre så spesielle omstende at ret-ten etter ei heilskapsvurdering meiner det er forsvarlg å idømme samfunnstraff.

Dermed slepp 17-åringen å sone i fengsel, og må berre betale ein liten brøkdel av det erstatningskravet som var retta mot han.

Dette grunngjev retten med at han er utan formue og arbeidsinntekt, og at framtidig inntekt framstår som svært uviss.

«Etter en samlet vurdering legger retten til grunn at tiltalte maksimalt vil kunne klare å betale et samlet erstatningskrav stort kr. 300.000».

Av dette går 15.000 til Coop Høyanger, og 285.000 til Gjensidige Forsikring.

Straffeutmålinga lyder på 210 timar sammfunnsteneste, med sju månader i fengsel som riset bak spegelen.