Det var observasjonar frå publikum, og funn på brannstaden, som førte politiet til ein gjeng menn i 18 til 20-årsalderen.

To er så langt knytte til brannen, men det er mogleg at fleire vil bli dregne inn i saka, fortel lensmannen.

— Vi er godt nøgde med ei rask avklaring, seier Vatne om brannen natt til måndag.

Pappøskjer var stabla saman inn til veggen utanfor butikken Skruen på senteret, og påsett. Følgjene kunne blitt fatale, ettersom det rett innanfor låg 50 kilo med fyrverkeri.

— Heile senteret kunne gått opp i røyk hadde ikkje brannen blitt oppdaga i tide, seier lensmannen.

Politiet slår fast at det har brunne to gonger. Først ved 03-tida og så to timar seinare. Eit viktig spørsmål som etterforskarane vil ha svar på er om brannen er blitt påsett to gonger, eller om det er glør frå den første brannen som har blussa opp igjen.

Politiet har så langt ikkje haldepunkt for å seie at brannen var påsett med vitande vilje. Det verkar heller å vere utslag av tankeløyse frå menn som burde vite betre.

Dermed kan lokalbefolkninga slå seg til ro med at det ikkje går ein pyroman laus. Det skapte nemleg frykt då eit ubebudd hus på Austrheim brann ned dagen etter. Politiet trur også denne brannen er påsett.

— Vi vil sjekke desse mennene opp mot denne brannen også, seier lensmann Einar Vatne i Lindås og Meland.