— Det viser seg at hovudmotoren på MF "Sunnhordland" er totalhavarert i brannen. Ferja blir ute av drift i to til fire veker. Vi kjem difor til å setja inn ekstraferje i helgane, men har fått løyve til å nytta tre ferjer i sambandet på kvardagane, seier informasjonssjef Arild Sondre Sekse i HSD til bt.no

Dei fem bilane om bord blei saman med ti passasjerar sette i land på Hatvik ferjekai klokka 11.30, over seks timar etter brannen som oppstod i maskinen litt før klokka fem i dag tidleg på overfarten frå Sandvikvåg til Halhjem.

Tre ferjer på kvardagar

Sambandet kan bli trafikkert med berre tre ferjer i fleire dagar på grunn av brannen, opplyser HSDs informasjonsleiar Arild Sondre Sekse til bt.no.

Frå MF «Ullensvang» får bt.no i formiddag opplyst at dei tre attverande ferjene i sambandet har greidd å ta unna trafikken så langt.

Brannen i veivrommet i MF «Sunnhordlands" motorrom blei sløkt av røykdykkarar blant ferjemannskapet. Ingen personar kom til skade. Det er uklart kva som er brannårsak og skadeomfang. Ferja vil etter alt å døma bli slept til Wärtsilä Norway på Rubbestadneset på Bømlo for reparasjon.

Mogleg reserveferje

Blir reparasjonen langvarig, vil HSD i samråd med Vegvesenet setja inn ei reserveferje i Halhjem-sambandet.

Grunnen til at det tok så lang tid å få sett på land bilar og passasjerar, skuldast at havaristen måtte venta på slepebåtar frå Bergen. To passasjerar som skulle med fly frå Flesland blei straks etter brannen sette i land med lettbåt.