24 brannfolk og 21 ambulansetilsette mister jobben i Bergen Brannvesen. Det er resultatet av at dei frå 1. januar 2008 mister ambulansekøyringa til Helse Bergen.

I går ettermiddag fekk ein bystyresal full av brannfolk meldinga frå brannsjef Helge Eidsnes.

Alle dei som mister jobben får likevel tilbod om ny jobb i Helse Bergen, som treng folk når dei tek over ambulansekøyringa.

Brannmenn til barnehagen

Dei 21 ambulansetilsette får tilbod om å halde fram i Helse Bergen med same lønsvilkår som i Brannvesenet.

Dei 24 ambulansefolka som òg er brannfolk får i tillegg tre års permisjon frå Brannvesenet. Det vil seie at dei blir tilsett i Helse Bergen, men med førsterett viss det blir ledige jobbar i Bergen Brannvesen.

Dei som ikkje takkar ja til tilbodet vil få tilbod om anna jobb i Bergen kommune. Først og fremst ein jobb som høver med kompetansen (brannfolk har ofte fagbrev i handverksfag).

Men viss ikkje det finst må dei ta dei jobbane som er ledige i kommunen. I dag er det innan helse og omsorg, og som barnehageassistentar.

Det siste ville vel korkje ungane eller dei tilsette i barnehagane hatt noko i mot.

Gamle brannmenn

Det er dei med kortast ansiennitet som må gå, alle mellom 30 og 35 år.

— Dette vil føre til at gjennomsnittsalderen på brannfolka vil bli endå høgare. Allereie i dag er den 48 år, 11 år høgare enn i Oslo, seier leiar Frode Bødtker i Bergen Brannvesen Fagforening.

Han trur ikkje det blir så mange brannfolk å finne rundt om i barnehagane.

— Nei, det trur eg ikkje. Avtalen på tre års permisjon er isolert sett ein grei avtale, seier han.

Ifølgje brannsjef Eidsnes vil byrådet truleg før sommaren kome med eit tilbod om førtidspensjon for dei eldste. Dermed kan færre av dei unge bli nøydde til å skifte arbeidsplass.