— Brannvernet er vesentleg betra i Bruvik-området, seier brannsjef i Osterøy, Jan Frode Hjellvik, til BT.

Dei tre frivillige brannmennene i Bruvik har til no hatt ein tilhengar med reiskap og pumpe å hjelpa seg med.

— Dette utstyret har stetta lover og forskrifter, men fleire bygningsbrannar dei siste åra har vist at det ikkje er har vore godt nok, og at det var trong for meir, seier Hjellvik.

Då Osterøy kommune ikkje hadde budsjett til å betra brannvernet i Bruvik, tok bygdefolket saka i eigne hender. Det lokale grendelaget forskotterte stasjonen, som vart bygd på dugnad.

— Vi betalar tilbake over tid, seier Hjellvik. Brannvesenet har plassert ut brannbil med vasstank og pumper, og ein hjartestartar i den nye stasjonen. Dei lokale brannfolka har dessutan fått kurs i utrykkningskøyring.

— Etter kvart vil vi også plassera ut frigjeringsutstyr til bruk ved trafikkulykker, seier brannsjef Hjellvik.

OPNING: Varaordførar Ingemar Tepstad stod for den offisielle opninga av den nye brannstasjonen.