Rett før klokka sju torsdag kveld fekk politiet melding om at ein påsett lyngbrann kom ut av kontroll i Goddo, lengst nord på Bømlo.

— Lokalt brannvesen kom til, men eit par mål vart svidd av, seier operasjonsleiar Trond Friberg ved Haugalandet politidistrikt.

40 minutt seinare fekk dei melding om ein ny brann som var ute av kontroll, denne gongen på Tuftalandsfjellet lengst nord på Fitjar.

Begge brannane var under kontroll då bt.no tala med politiet i 22-tida torsdag kveld.