Politi og brannvesenet i Stryn og Olden, rykte i natt ut etter melding om at det var brann i fleire hus på eit tun om lag tre kilometer aust for Stryn sentrum.

— Husa var overtent då vi kom fram. Det vart fort avklart at det ikkje var folk inne i nokon av husa. Brannen har truleg starta i eit grillhus. Den spreidde seg til to andre mindre hus i tunet. I tillegg vart ein bil totalskadd i brannen, seier operasjonsleiar Einar Vereide i Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

Eit bustadhus som var like ved, vart ikkje skadd i brannen.

Politiet vart varsla om brannen klokka 03.48. Brannen var under kontroll etter om lag ein halvtime. Etter to timar var den heilt sløkt.