Det var ved 04.30-tida at politiet mottok melding, og både brannvern og politi rykkte ut til staden.

Hytta, som inneheldt teknisk utstyr til skitrekket, var overtent då dei kom fram. Berre ytterskalet stod att då brannen var sløkt. Eit sterkt torever herja i området denne natta, og politiet utelukkar ikkje at lynnedslag kan vere årsaka til brannen.