I 13-tida laurdag byrja det å brenna i nokre bildekk som låg på baksida av bensinstasjonen på Eikangervåg. Brannen smitta så til husveggen, men det var ikkje fare for at bygget skulle brenna ned.

– Bygget er laga av betong og stål, så det var aldri fare for det. Men me var usikre på om det kunne vera lagra propan. I tillegg er det alltid fare for gassutvikling når det byrjar å brenna på ein bensinstasjon, seier Gjert Holtan, brannsjef i Lindås.

Første melding til brannvesenet var at det brann i nokre dekk. Difor vart eit vaktlag sendt ut. Då dei melde at brannen smitta til sjølve bygget, vart det full utrykking. Brannen var sløkt om lag 15 minutt etter at brannvesenet kom til staden. Årsaka til at det byrja å brenna, er førebels ikkje kjend.

Brannen har ikkje hatt nokon innverknad på drifta av stasjonen.

Johannes Eknes