Det om lag førti år gamle bustadhuset på Eidsvik på Halsnøy var overtent på nokre minuttar etter at det braut ut brann sannsynlegvis i kjellarstova seint natt til første juledag. Ein av to vaksne søner som var i huset, greidde i siste liten å ta seg ut frå kjellaretasjen og varsla dei tre andre som låg og sov.

— Heldige

— Det ser ut til at dei har vore heldige som er blitt vekte av røykvarslar og har kome seg ut før flammane slo opp gjennom etasjane, seier lensmannsbetjent Vidar Sæle ved Kvinnherad lensmannskontor.

Brannen blei varsla klokka 05.20. Ti minutt seinare var Halsnøy branntropp på plass med ti mann, men kunne då berre konstatera at huset var overtent og ikkje kunne bergast.

Vanskeleg sløkking

I over fem timar arbeidde brannmannskapa med sløkking. Det var aldri fare for at brannen skulle spreia seg.

— Det er for tidleg å seia noko om brannårsaka, seier Vidar Sæle.

Julafta måtte Husnes branntropp rykkja ut til eit husvære i Kvadraten-senteret, der ei panne hadde tørrkokt og forårsaka stor røykutvikling.

Samme kveld var det også utrykking til ein pipebrann i Åkra i Kvinnherad.

- Ver varsame!

— Folk skal ha det kjekt og koseleg i jula. Men på eit generelt grunnlag må vi oppfordra til varsemd med elektrisitet, levande lys og eld, seier lensmannsbetjent Sæle.