Det brann i ettermiddag i eit industriområde på Løvtuft i Naustdal kommune. Inne i bygningen er det 10-12 flaskar med gass, høvesvis oksygen, acetylen og propan.

Bygningen brann ned etter berre eit par timar, men på grunn av gassflaskene holder politi og brannvesen seg unna i frykt for eksplosjon.

Folk får ikkje køyre forbi

– Brannvesenet har opplyst at gassen i flaskene har 24 timar nedkjølingstid. Dermed er det fare for eksplosjon heilt til i morgon, melder operasjonsleiar Arild Rokkereit i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det har blant anna skapt problem for folk som skal forbi åstaden med bil til bustaden sin.

– Eit område på 200 meter er sperra av. Dei som skal forbi må med andre ord setje frå seg bilen og gå via ein skogveg opp til bustadhusa, seier Rokkereit.

Sjølv om brannen er sløkt ulmar det framleis i ruinane av industribygget. På grunn av eksplosjonsfara vil ikkje brannvesenet kunne gå inn før seint søndag.

Seint laurdag kveld var politiet i samtalar med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og fekk stadfesta at gassen må kjølast ned i minst 24 timar før brannvesenet kan ta seg inn på området.

— Vi held oppe vakthaldet i heile natt, seier Rokkereit til bt.no like før klokka 24.00 laurdag kveld.

Lyn kan ha skulda

– Bygningen er overtent og det er 10-12 flasker med diverse gass inne i bygningen. Det er stor eksplosjonsfare, melde Rokkereit då politiet hadde fått melding om brannen.

– Brannvesenet har kontroll, men det er ikkje mogleg å redde bygningen, sa han då.

Årsaka til brannen kan vere lynnedslag.

– Det lynte sterk rett før meldaren kom til staden, seier operasjonsleiar.

Klokka 16.31 var bygningen nedbrent, og brannvesenet venta på å kjøle ned staden.

Brent ned

Det er Sunnfjord industri og sveiseservice AS som eig bygningen.

Klokka 17.15 melde politiet at brannvesenet framleis held avstand.

– Det vanlege er at plomberinga på flaskene brenn vekk og at gassen brenn ut av seg sjøl. Men det er fare for at plomberinga held og at flaskene då kan eksplodere i varmen, seier Rokkereit.

OVERTENT: Gass inne i bygningen gjør at det er fare for eksplosjon.
Roy Raasholm Fauske, NRK Sogn og Fjordane