Politiet fekk melding om brannen i Sogndal sentrum klokka 05.30.

– Brann, ambulanse og politi rykka ut. Det var 10 personar i bygningen på tre etasjar, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Klokka seks var brannen sløkt og alle bebuarane evakuert.

– Det er ikkje rapportert om personskadar. Det er heller ikkje store brannskadar på bygningen, men ein del røykskadar, seier Rimmen.

Sogndal lensmannskontor skal etterforske hendinga, og politiet er interessert i tips frå personar som kan ha sett noko.

– Mistenkjer de at brannen er påsatt?

– Brannårsaka er ikkje klar og vi ønskjer mest mogleg informasjon, seier Rimmen, som ikkje kan utelukke at brannen er påtent.

— Det endte greit, men kunne fått alvorlige konsekvensar, seier politiet om hendinga.

I januar brant ein omsorgsbustad i Høyanger. Då blei 62 personar evakuert og 12 fekk behandling for røykskadar.