– Seglbåten har tatt opp i ei kraftlinje, og kraftlinja har falt ned. Det tok fyr i båten og på holmen som den segla forbi, seier operasjonsleiar Dagfinn Torstveit i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Ingen personar blei skadd i brannen. Kystvakta er på plass, og eit Seaking helikopter er på veg.

Morten Høydahl var passasjer om bord i ein snøggbåt som kom til staden for å assistere.

– Då var personane allereie plukka opp av andre båtar, og alt var i orden, seier Høydahl.

Etter at brannen var slukka slepte Kystvakten motorbåten til Sagvåg på Stord.

BRANN TIL HAVS: Kystvakten tok hånd om den brennende seilbåten.
Bjørn Erik Ovesen/Bømlo Nytt
TOK FYR: Seglbåten som passerte ein holme sør for Leirvik tok fyr då den kom borti ei kraftlinje.
Morten Høydahl (MMS)