Det var ikkje folk heime i leilegheita i Bandadalen på Stord då brannen starta like etter klokka 17 onsdag ettermiddag.

Brannmannskap var raskt på staden, og leilegheita fekk ikkje store skadar.

– Brannen starta på badet. Ein undersøkjer no om det kan vera anten eit talglys eller ein lampe som har starta brannen, opplyser operasjonsleiar Svein Roald Vikse i Haugalandet og Sunnhordland politidistrikt til bt.no.