— Klokka 06.41 i dag fekk me melding om brann i eit bustadhus på Hafslo. Det var éin person i huset då brannen begynte. Vedkomande kom seg ut på eiga hand, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Bebuaren er frakta til legevakt med røykskadar. Det er uklart kor mange som bur i huset.

— Huset har fått mindre materielle skadar. Brannen kom raskt under kontroll, fortel Rimmen.